16/08/2026
✨ NYOPNING – TINDELANDET PILATES & YOGA ✨
No nærmar det seg endeleg! 🥰 Etter sommaren startar vi opp igjen – og vi gler oss stort til å ønskje dykk velkommen tilbake til Tindelandet Pilates & Yoga i Ørsta! 🤍
Det er framleis same namnet og dei same fine lokala – men vi har gjort eit lite «løft» av både profilen vår, studioet og timeplanen. ✨
Vi ønskjer å skape ein endå finare stad for rørsle, energi, glede og fellesskap.
Og dette vil vi sjølvsagt feire saman med dykk! 🎉
I samband med nyopninga inviterar vi til GRATIS TIMAR gjennom opningsperioden – på opningsdagen og den første veka i september!
Du kan glede deg til eit variert program med både Pilates, yoga og ulike spennande timar – noko for både nybegynnarar og deg som har erfaring frå før. 🧘♀️✨
Og ikkje minst: Dette skal vere ein plass for rørsle, energi, glede og sosialt samvær. Kom og tren, bli kjent med studioet, oss som har timar – og møt andre fine folk! 💫
📅 Gratis timar – begrensa antal plassar
📲 Timane må reserverast på førehand – førstemann til mølla!
https://app.punchpass.com/org/4119/classes
Ta gjerne med ein ven, kollega eller nokon du har lyst til å dele opplevinga med. 💕
Vi gler oss skikkeleg til ein ny start – og til å ønskje deg velkommen tilbake til Tindelandet Pilates & Yoga! 🌿
Same stad. Same gode kjensla. Litt nytt løft. ❤️
🌿 Eit lite studio med plass til store opplevingar. 🌿