10/02/2026
DER HELTANE ER (NY KUNNSKAP OM MUSIKKTERAPI PÅ NYFØDDINTENSIV)
I aukande grad er musikkterapi anerkjent som verdifull psykososial støtte i nyføddintensiv, ettersom musikkterapi både kan møte behova til dei for tidleg fødde barna og til foreldra deira. Det finst nokre studiar som tyder på at låtskriving kan betre foreldreopplevinga og styrke relasjonen mellom foreldre og barn på nyføddintensiven. Då studerte musikkterapi ved Griegakademiet (UiB), skreiv ho masteroppgåve om dette temaet. Ho utforska ei spesifikk form for terapeutisk låtskriving, som støtte til foreldra. Og jammen har ho ikkje greidd å lage ein vitskapleg artikkel ut av dette, som er publisert i sjølvaste Nordic Journal of Music Therapy. Godt gjort! Og – funna er interessante: Mange foreldre opplevde musikkterapeutisk låtskriving som verdifullt, at det førte dei inn i ein positiv spiral, noko som fekk dei til å tenkje på framtida med barnet. For somme vart det eit vakkert minne.
Forskingsartikkelen kan m.a. byggje på forskinga til professor Claire Ghettis ved GAMUT The Grieg Academy Music Therapy Research Centre, samstundes som vi får synleggjort verdien at musikkterapistudentane får praksis ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus.