27/08/2026
ROM FOR Å LANDE BLIR 4-VEKERS KURS
Fire veker. Ei fast stund saman med Linn Therese der du kan senke tempoet og finne ro etter dagen.
Oppstart onsdag 2. september
Onsdager kl. 20.00–21.00
Gjennom rolege rørsler, pust og nærvær får du moglegheit til å sleppe spenningar, roe tankane og bli meir merksam på kva kroppen treng.
Timen er ein roleg overgang frå kvardag til kveld – ei stund der du kan skru ned tempoet før du går vidare inn i kvelden. For mange kan det også vere ein fin del av ein kveldsrutine og bidra til betre søvn.
Kvifor 4 veker?
Vi har valt å gjere Rom for å lande til eit 4-vekers kurs fordi vi ønskjer at du skal få meir ut av timane enn det ein enkeltståande drop-in kan gi.
Ei fast stund kvar veke gjer det enklare å prioritere dette i kvardagen og etablere ein rytme. Du får tid til å bli kjent med øvingane, kroppen og kva som fungerer for deg – og oppleve forskjellen det kan gjere å setje av denne stunda, veke etter veke.
For deg som ønskjer:
– ei fast stund i veka som berre er di
– mindre stress og tankestøy
– djupare ro og avspenning
– å kjenne betre etter kva kroppen treng
– ein rolegare overgang frå kvardag til kveld
– ei kveldsstund som kan bidra til betre søvn
Med Linn Therese får du ei trygg og roleg stund der du kan lytte til kroppen, gi deg sjølv litt meir plass og gå ut av timen med ei kjensle av meir ro og overskot.
Ingen forkunnskapar er nødvendig. Du treng berre å møte opp som du er.
Fire veker. Ei fast stund. Ein rolegare avslutning på dagen.
Påmelding via lenkja i bio.