Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune

Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune, Helse og medisin, Hågånvegen 19, Notodden.

I dag har vi levd oss rett inn i Per Sivle sine strofer om å kunne fara til Telemark🌸☘️🏞. Vi er så heldige att vi kan fa...
09/07/2026

I dag har vi levd oss rett inn i Per Sivle sine strofer om å kunne fara til Telemark🌸☘️🏞.
Vi er så heldige att vi kan fara i Telemark 😉

Dagens tur gjekk vestover via Seljord, Morgedal, Åmot, Haukeli, Rauland, Øyfjell og heim om Åmotsdal.
Vi hadde obligatorisk stopp på Mjonøy 😉 og kafferast i Haukeli🥪☕️🧋. Derifrå drog vi vidare i retning Rauland om Arabygdi, langs det flotte Totak-vatnet🏞. Vi var utruleg heldige med været- sol, varmt og ein lett bris gjorde att dette vart ein fin dag i minneboka 🌞🤩 Morro var det også sjå skulpturen av "Myllarguten" og Myllarheimen like ved 🎻
Avslutta ein fin dag med rast i enden av Lognvikvatnet 🏞

✨️"Å, kunne eg fara til Telemark
og leva ei sumarstund!
Der gror det ryllik på stovetak
og songar på folkemunn.
Til Telemark, dit stend mi Trå
til Gauksto-fjell
og til Vinje-gjeld
til Rjukan sval
og til Morgedal
- til sumars so får me sjå!" ✨️

Ei fin innhaldsrik veke på dagsenteret er omme 🌞🌸 På tysdag tok vi turen til Åmotsdal og Eva Bull Holte's museum 🏘🌿🌷 Ein...
18/06/2026

Ei fin innhaldsrik veke på dagsenteret er omme 🌞🌸
På tysdag tok vi turen til Åmotsdal og Eva Bull Holte's museum 🏘🌿🌷 Ein fin plass å besøke for å rusle rundt på tunet, og å kikke på gamle bygningar og mimre over farne tider ✨

I dag kosa me oss igjen ved Hjartsjøstrånda 🤩 Dagen inneheldt fine samtaler, godt måltid og spennande aktivitetar 😊🫑🍅🫐🥤 Ei av våre ansatte hadde ordna til rebus over stadnamn i Telemark 😉 i tillegg hadde ho med mange kjende, gamle lokale redskap og utstyr som vi sammen klarte å finne navn og bruksområde til 🪛🔨⚖⛓🐖🐄
Ei veke full av gode augeblikk her og nå ✨

Turist i eget fylke 🚗⚓🛣🏞 I dag starta turen frå Sauland via Gvarv til Bø og Lunde🌸. Vi hadde nistestopp med kaffe ved Ho...
02/06/2026

Turist i eget fylke 🚗⚓🛣🏞
I dag starta turen frå Sauland via Gvarv til Bø og Lunde🌸. Vi hadde nistestopp med kaffe ved Hogga sluser🤗. Der var det mykje interessant å lese og kikke på av historie frå Telemarkskanalen ⚓⛴ Derfra kjørte vi langs Flåvatn, forbi bla Kilen og til Fjågesund🤩. Langs Flåvatn var vi så heldige att vi fekk sjå staslege M/S Henrik Ibsen på tur i retning Hogga 👍
Tanken var å kjøre om Fjågesund til Kviteseid, men vegen var stengt så da blei det tilbake til Kilen og over Seljordsheia til Seljord🌞. Der hadde vi middagstopp med dessert og kaffe ved Seljordsvatnet🍫☕️. Før turen gjekk via Flatdal og heim.
Det har vore ein super tur med mykje gode inntrykk, gamle minne som dukka opp og god prat og mykje latter🌸🤗

Fin, varm og minnerik dag på dagsenteret 🌞🌸🍓 Denne sommarlege siste torsdagen i mai vitnar om att sommaren er rett rundt...
28/05/2026

Fin, varm og minnerik dag på dagsenteret 🌞🌸🍓 Denne sommarlege siste torsdagen i mai vitnar om att sommaren er rett rundt hjørnet 🤩 Brukarane våre storkosa seg på dagens utflukt til Hjartsjøstranda 💧🌞 Grillpølser, frukt og kaffe pluss ein god prat er gode bidrag til ein fin avslutning på turen 🌭🍨☕🥤

"Våren i høgfjellet og låglandet byr på fine opplevingar og gode sanseinntrykk 🌿❄🦆🌸 🌿🌞 Ei fin og aktiv veke på Solheimtu...
26/03/2026

"Våren i høgfjellet og låglandet byr på fine opplevingar og gode sanseinntrykk 🌿❄🦆🌸
🌿🌞 Ei fin og aktiv veke på Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune er gjennomført🚶‍♀️🚶‍♂️ Vi har vore ute å kjent på vårsola både i låglandet (Kviteseid) og i høgfjellet (Bondal) 🌞🌿 Våren er i anmarsj begge stader og vi ynskjer med dette alle ei god påske 🐥🐣🌼

Fyrste veka i mars er omme på dagsenteret ~ og våren er i annmarsj 🌸🌞 vi har bruka dagane godt og nytt finværet, sola og...
05/03/2026

Fyrste veka i mars er omme på dagsenteret ~ og våren er i annmarsj 🌸🌞 vi har bruka dagane godt og nytt finværet, sola og varmegradene 🤩 Vi har kosa oss på gåturar, stelt med blomster, og i dag var vi så heldige og fekk vere med på konsert med Bjørn Rugås på Omsorgssenteret 🎹🎼🎵🎤 Heimens venner stelte til ein fin formiddag med sang, loddtrekning og bevertning ☕🍪🥤🍨

Ein fin vinterdag på dagsenteret ❄🤩 Vi pakka sekken og tok oss ein "vinterferietur" 🎒 turen gjekk til Tinnoset der vi ki...
17/02/2026

Ein fin vinterdag på dagsenteret ❄🤩 Vi pakka sekken og tok oss ein "vinterferietur" 🎒 turen gjekk til Tinnoset der vi kikka på isfiskarane på Tinnsjøen 🏞🐟 og vidare til Busnes og Rudsgrend 🚗 Mykje mimring og gode minne dukka opp for fleire av brukarane 🤗 Kosa oss med kakao, appelsin og sjokolade 🍊🍫☕~ akuratt slik ein vinterferieturist gjer 😉

Den fyrste veka i februar er tilbakelagt ❄☃️ Ei fin veke som har innehaldt både kognitive, fysiske, psykiske og sosiale ...
05/02/2026

Den fyrste veka i februar er tilbakelagt ❄☃️ Ei fin veke som har innehaldt både kognitive, fysiske, psykiske og sosiale aktivitetar 🎵📚🎻👟🚶‍♀️🚶‍♂️🎈🏞🌲slik det kommunale dagsentertilbodet er plikta å legge opp tilbodet etter. Vi har mellom ana vore på gåturar, sett på fine vinterlandskap og deltatt i sosiale aktivitetar med sansestimulering i form av sang og musikk. I dag var vi heldige og fekk med oss konsert med Ingunn Flatland og Slettas Trio på Hjartdal Omsorgssenter 🤩 (filmsnutt frå konserten i kommentarfeltet)

Adresse

Hågånvegen 19
Notodden
3692

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Solheimtun aktivitetssenter i Hjartdal kommune:

Snarveier

Del