Helse Møre og Romsdal

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt praksisen

Helse Møre og Romsdal Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal, med fire sjukehus og ca 6500 tilsette.

08/10/2026

Problemer med telefonien er nå løst - og nødnumrene fungerer som normalt igjen. ☎️

06/10/2026

Bli kjent med AIO-prosjektet ved Ålesund sjukehus 👍🙂

👨‍⚕️ Kva gjer vi når forskinga ikkje gir svaret vi håpa på?💩 Den største studien til no på avføringstransplantasjon ved ...
30/09/2026

👨‍⚕️ Kva gjer vi når forskinga ikkje gir svaret vi håpa på?

💩 Den største studien til no på avføringstransplantasjon ved irritabel tarmsyndrom (IBS) viser ingen betre effekt enn placebo, trass optimisme frå tidlegare studiar.

🔬 Likevel gir resultata forskarane verdifull kunnskap om kva spor som bør følgjast vidare i jakta på betre behandling.

🔗 Les meir om funna, og lær meir om kva tilstand fekal transplantasjon faktisk har vist seg å lindre i lenka i kommentarfeltet.

🎉 Vi gratulerer Audun Olav Dahlberg med vel overstått disputas og oppnådd doktorgrad! 👨‍⚕️ Dahlberg er seksjonsoverlege ...
25/09/2026

🎉 Vi gratulerer Audun Olav Dahlberg med vel overstått disputas og oppnådd doktorgrad!

👨‍⚕️ Dahlberg er seksjonsoverlege i klinisk nevrofysiologi ved SNR. I dag disputerte han med avhandlinga "Persistent Health Complaints Attributed to Ticks or Tick-Borne Diseases: A Nationwide Norwegian Study of Prevalence, Clinical Features, and Laboratory Findings".

🔬 I den har han undersøkt førekomst, symptom, laboratoriefunn og behandling hos personar som opplever vedvarande plager etter flåttbitt. Studien viser at desse plagene kan vere svært belastande og gi redusert livskvalitet, en at dei sjeldan kan forklarast av ein pågåande flåttboren infeksjon.

👇 Les meir om funna i studien på lenka i kommentarfeltet.

Si det for å bli det! Besøkande og tilsette på sjukehuset stod i kø då organdonasjonsteamet i Ålesund stod på stand i hø...
24/09/2026

Si det for å bli det!
Besøkande og tilsette på sjukehuset stod i kø då organdonasjonsteamet i Ålesund stod på stand i høve donasjonsveka. Bodskapen var tydeleg: Ta eit standpunkt og informer dine pårørande om at du er positiv til organdonasjon 💚

I dag opna Vardesenteret ved Ålesund sjukehus det nye uterommet sitt, midt mellom Åse hotell, kreftavdelinga og Vardesen...
17/09/2026

I dag opna Vardesenteret ved Ålesund sjukehus det nye uterommet sitt, midt mellom Åse hotell, kreftavdelinga og Vardesenteret.

Vardesenteret Møre og Romsdal har raskt blitt eit av Noregs mest besøkte Vardesenter. Det vitnar om eit tilbod det er stort behov for og som ein også finn fram til når ein treng det.

Vardesenteret er eit meistringssenter for kreftpasientar, pårørande og etterlatte. Drive av frivillige med varme og omsorg for våre besøkande.

Over 260 fagfolk samlet til stor nasjonal konferanse om sikkerhetspsykiatri i ÅlesundSikkerhetsseminaret er en sentral n...
16/09/2026

Over 260 fagfolk samlet til stor nasjonal konferanse om sikkerhetspsykiatri i Ålesund

Sikkerhetsseminaret er en sentral nasjonal møteplass for fagfolk som arbeider med pasienter med alvorlige psykiske lidelser, der behandling, risiko og samfunnsvern kan stille helsetjenesten overfor krevende dilemma.

– Vi er svært glade for å samle så mange fagfolk fra hele landet i Ålesund. Sikkerhetspsykiatrien er et fagområde som krever høy kompetanse og godt samarbeid mellom ulike deler av helsetjenesten og med blant andre kommuner og politi. Seminaret gir oss en viktig arena for å dele kunnskap og erfaringer. Et høydepunkt er også innleggene fra både brukere og pårørende, sier Ståle Hoff, klinikksjef for Psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.

🤖 Vil kunstig intelligens gi oss superkrefter, eller skape nye problem vi enno ikkje ser?🗣️ Arrangementet "Påfyll" på Pa...
10/09/2026

🤖 Vil kunstig intelligens gi oss superkrefter, eller skape nye problem vi enno ikkje ser?

🗣️ Arrangementet "Påfyll" på Parken kulturhus måndag samla eit engasjert publikum til samtalar om teknologi, arbeidsliv, helse og datasenter.

👇No kan du lese kva som kom fram då ekspertane tok for seg både håpet og dystopien i KI-utviklinga. Forskings- og utdanningssjef Endre Grøvik frå Helse Møre og Romsdal deltok.
Klikk på lenka i kommentarfeltet.

🎉 Vi gratulerer Heidi Hjelle, overlege i gastroenterologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, som i dag forsvarte ph.d.-...
27/08/2026

🎉 Vi gratulerer Heidi Hjelle, overlege i gastroenterologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, som i dag forsvarte ph.d.-avhandlinga si ved SNR: "Epidemiology of Inflammatory Bowel Disease. A population-based cohort study, the HUNT study".

🔬Gjennom forskinga si har Hjelle bidrege med ny kunnskap om inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) i Noreg. Avhandlinga viser mellom anna at førekomsten av IBD har auka betydeleg dei siste tiåra, og at auken særleg er driven av fleire tilfelle av ulcerøs kolitt og ubestemt kolitt.

💡 Forskinga peikar også på at ulcerøs kolitt kan utvikle seg over tid både når det gjeld utbreiing og sjukdomsalvor, spesielt dei første åra etter diagnosen. Samstundes fann Hjelle ingen samanheng mellom vektauke og auka risiko for å utvikle ulcerøs kolitt eller Crohns sjukdom.

🏥 Avhandlinga er basert på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og gir eit viktig bidrag til forståinga av sjukdomsutvikling, risikofaktorar og behovet for oppfølging av pasientar med IBD.

👇Les meir om forskinga til Hjelle på lenka i kommentarfeltet.

🧠💻 Kan digital gruppeterapi gjere det lettare for ungdom med emosjonelt ustabile personlegdomsvanskar å få hjelp?👩‍💻 Ein...
26/08/2026

🧠💻 Kan digital gruppeterapi gjere det lettare for ungdom med emosjonelt ustabile personlegdomsvanskar å få hjelp?

👩‍💻 Ein ny studie med bidrag frå Helse Møre og Romsdal viser lovande resultat. I We2U-prosjektet blei fysiske samlingar kombinert med digital gruppeterapi. Eit av dei mest interessante funna var kor viktige deltakarane blei for kvarandre. Ei felles chatgruppe gav støtte og motivasjon mellom terapisamlingane, og skapte eit fellesskap som strekte seg utover sjølve behandlinga.

💡 For eit fylke med lange avstandar kan slike løysingar vere med på å gi fleire ungdomar tilgang til spesialisert hjelp, uavhengig av postnummer.

👨‍⚕️ Det er forskar og overlege ved BUP i Ålesund, Knut-Asbjørn Ulstein (bildet), som har vore prosjektleiar.

👇 Les meir om studien på lenka i kommentarfeltet.

Adresse

Åsehaugen 1
Ålesund
6017

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Helse Møre og Romsdal legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Helse Møre og Romsdal:

Snarveier

Del

Kategori