25/06/2026
☀️ SOMMARUTLÅN – sånn held me Utstyrsbanken tilgjengeleg i sommarferien! ☀️
Når Frivilligsentralen no tek sommarferie og stengjer dørene (6.–31. juli), held utlånet likevel fram! Fantastiske Annekset bruktbutikk trør nemleg til som ferievikarar og tek over styringa av utlånet for oss i heile denne perioden. 🙌
Fiks dette FØR 6. juli!
For at du skal kunne hente utstyr i fellesferien, MÅ du ha dette på plass før me stengjer dørene:
1️⃣ Låneavtale: Må vere signert hos oss på Frivilligsentralen (Aldersgrense 18 år).
2️⃣ Meirope-tilgang: Krevst for å låse seg inn i Utstyrsbanken (Fiksast i skranken på biblioteket, 15 år).
(Tagg gjerne ein venn som treng å vite dette, så unngår me bomturar i ferien!) 👇
SLIK LÅNAR DU I SOMMAR
Annekset sine opningstider: Torsdag–fredag 12–18 | Laurdag 12–16
Naustet
Kan brukast kvar dag, men du MÅ registrere deg og hente inngangskode på Annekset i deira opningstid. For at alle skal få sleppe til på sjøen, kan utstyr lånast maks éin dag om gongen.
Utstyrsbanken
Stikk innom Annekset for registrering og for å låne nøkkel. Lås ut utstyret og lever nøkkelen rett tilbake til Annekset. Når du er ferdig med utstyret, gjer du det same for å låse det inn att. Lån berre akkurat den tida du treng, og lever raskt, reint og pent tilbake.
Tusen takk til Annekset bruktbutikk for det gode samarbeidet, og takk til dykk for at de deler på goda i sommar.
Riktig god og aktiv sommar til dykk alle! 🌊💛