16/04/2026
I dag er det kurs i smør - i Aurland, på Sogn Jord- og Hagebruksskule
Smøret - ja det er faktisk eit eige fag - eit eige kurs - faktisk det tredje vi leverer på 13 månaader - det blir nok fleire - vil du på kurs kan du sende epost til [email protected] og kva du treng kurs i - så sender vi deg info og kanskje er det eit kurs i nær framtid. Alle kurs vert også lyst ut på Kompetansenettverk lokalmat sine nettsider. https://kompetansenettverklokalmat.no/kurskalender/
Smør – kulturarv ein kan smake.
Setersmør – eller stølssmør – er ein del av den norske mattradisjonen, laga av syrna fløyte frå kyr som beitar i fjellet. Det er handverk, tid og kunnskap samla i eit enkelt produkt. Smaken? Frisk, syrleg og rik – med ein farge som speglar fjellbeitet.
I dag er setersmør verna gjennom merkeordninga Beskytta tradisjonelt særpreg. Det betyr at det faktisk må lagast på ekte vis – på seter, av mjølk frå utmarksbeite, og etter tradisjonelle metodar. Even Hov er lærar og fjøsbestyrar ved SJH – dermed har han kontroll på råvara som vert til smør.
Det er mange detaljar ein ikkje kan lese seg til – difor møtast vi på kurs, der folka som har handverket i hendene kan formidle og forklare, har rømmen rett smak? Kor mykje og kor kaldt vatn skal ein vaske smøret i. Korleis påverkar lyset flyta og smaken. Råvare, teknikk, hendene som kan og veit kva som er passe varmt, kaldt og det der. Tradisjon vert det når ein bærer kunnskapen vidare, smaken betyr noko for den som eter og kulturarven lever vidare når ein får historia bak.
Smør er ikkje berre mat – det er kulturarv du kan smake.