Sauna Sjelero

Sauna Sjelero Vedfyrt, sjølvbygd sauna til utleige for felles og private timar, Mosterhamn✨️ Døra lukkar seg opp automatisk til timen! Åpent dagleg frå 11-21

Kvifor bruke badstue? 🔥 Og kvifor isbade? 🧊Mange finn roen i badstue. Her kan ein berre slappe av, vere i nuet og finne ...
23/07/2026

Kvifor bruke badstue? 🔥 Og kvifor isbade? 🧊

Mange finn roen i badstue. Her kan ein berre slappe av, vere i nuet og finne pusten. Varmen kan lindre smerte og stivhet i ledd og musklar, blodsirkulasjonen i kroppen aukar kraftig og blodtrykket kan senkast. Men, visste du at forskning viser at badstue også kan ha effekt mot hjarte-og karsjukdommar samt demenssjukdom?
Finsk forskning har vist at menn som tok badstue 4-7 gonger i veka hadde betydeleg lavare risiko for dødelighet av hjarte- og karsjukdommar, samt betydeleg lavare risiko for å utvikle alzheimers og demens.
✨️
Ein assosierar ofte badstue med isbading. Det er fortsatt mykje forskning på feltet og delte meiningar, men det seiast at isbading kan gi raskare restitusjon etter trening, kan redusere betennelsar, og auke utskillelse av lykkehormonane endorfinar og dopamin. Mange kjenner på ein meistringsfølelse av å dyppe seg i det iskalde vatnet.
Forskning viser at isbading aktiverar brunt fett, ein spesiell type fettvev som forbrenner kaloriar for å holde deg varm. Dette kan gi betre blodsukkerkontroll, aukt stoffskifte og redusert mengde av det usunne, kvite fettet.
✨️
Elles er badstue og isbading sosialt og eit fint bidrag for felleskap. Rundtomkring i landet arrangerast det isbading i grupper med eller utan badstue, og dette er noko vi ønskjer få i gong med tida ved Sauna Sjelero.

Kjelder i kommentarfeltet.

Er du usikker på kva du skal gi i gåve til "Den som har alt?" Treng du gåve til ein badstueentusiast, eller kjenner du e...
15/07/2026

Er du usikker på kva du skal gi i gåve til "Den som har alt?" Treng du gåve til ein badstueentusiast, eller kjenner du ein som ønskjer bli det? Kjøp gåvekort hos oss! Du kan velge mellom å gi drop-in timar eller private timar. ✨️

Vi har også månadskort. For 699 kr får du 30 drop-in-timar i månaden. Dette medlemskapet gjeld for per person. Når du har laga deg ein medlemskonto og betalt, vert 30 drop-in-timar ein månad fram i tid automatisk gratis på bookingsida.

Kjøp via saunasjelero.no under" Gåvekort" og "Medlem". Fleire tilbod kan komme etterkvart! ✨️

Nok ein nydelig dag her på Skogbu, Røyksundkanalen ❤️ Kom og finn ro og kvilepuls hos oss før kveldens høgdepunkt! 🇧🇻-🏴󠁧...
11/07/2026

Nok ein nydelig dag her på Skogbu, Røyksundkanalen ❤️ Kom og finn ro og kvilepuls hos oss før kveldens høgdepunkt! 🇧🇻-🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿

05/07/2026

Minner igjen om at badstuedøra åpnar seg automatisk til timen du har booka, og den held seg åpen under heile bookinga. Dra godt ned handtaket då dette kan vere litt treigt ☺️ Hugs også ta i ny vedkubbe når du går frå badstua slik at den held på varmen! 🔥

Her kjem litt meir info om bruk av badstua ✨️ Badstua er varma opp, og døra lukkar seg opp automatisk på tidspunktet ein...
03/07/2026

Her kjem litt meir info om bruk av badstua ✨️

Badstua er varma opp, og døra lukkar seg opp automatisk på tidspunktet ein har booka time, og er åpen gjennom heile bookinga.
Vi har garderobe som vist på bilete nr 2 kor ein kan skifte og legge frå seg kle og sko. Om det er tomt for ved inne finn ein meir i vedkassa utanfor som vist på bilete 3. Ein skal berre bruke fersktvatn på omnen. På kaia like ved badstua finn ein vatnslange. Dersom det vert masse dogg på vindauget kan ein lukke opp ventilane ved vindauget, men ver snill og lukk desse og ta i ny ved i omnen når ein forlet badstua!

Då er det ENDELEG klart for åpning!! 🧡Vi åpnar badstua i morgon fredag 3. juli! Planen er å holde den åpen dagleg frå kl...
02/07/2026

Då er det ENDELEG klart for åpning!! 🧡

Vi åpnar badstua i morgon fredag 3. juli!
Planen er å holde den åpen dagleg frå klokka 11-21 no på sommaren.
Bestill med vipps eller kort, privat booking eller drop-in. Døra åpnar seg automatisk på tidspunktet du/dere har booka, og held seg åpen gjennom heile timen.

Treng dere hjelp med bookinga, eller er det andre utfordringar, kontakt 90595868 eller 90679921
Vi takkar så mykje for tålmodigheita og håpar dere finn ro og hygge hos oss! ✨️
Spre ordet/del gjerne!

Bookinglenke:

https://app.saunabooking.no/zen-sauna-as

Vi ventar på siste klarsignal for åpning! I mellomtida har vi stilt på eit fint intervju med Bømlo-Nytt ☺️
21/06/2026

Vi ventar på siste klarsignal for åpning!
I mellomtida har vi stilt på eit fint intervju med Bømlo-Nytt ☺️

For eitt år sidan flytta Elianne Nesset (34) og Timo Virtanen (35) frå Bergen til Moster. Men tanken om å skapa noko eige hadde vore med dei lenge før flyttelasset gjekk.

Vi held åpent frå klokka 14 til 17 idag! ☺️ Omnen er fyrt opp 🔥 Hugs "Ta med ein ven-tilbodet" vårt. Bestill for ein per...
07/06/2026

Vi held åpent frå klokka 14 til 17 idag! ☺️ Omnen er fyrt opp 🔥 Hugs "Ta med ein ven-tilbodet" vårt. Bestill for ein person og ta med deg ein ven gratis. Hugs handkle, også eit til å sitte på, badekle og vatn. Barn under 18 år må vere i følge av ein vaksen. Resten av reglane våre finn du lenger nede på sida og på Instagram.
Dei neste vekene vert det siste finpuss før offisiell åpning.

Bookinglenke: https://saunabooking.no/book/?c=zen-sauna-as %3D%252F%26d%3D2026-06-07

Adresse

Skogbu
Bømlo
5440

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sauna Sjelero legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del

Type