18/01/2026
https://www.facebook.com/share/p/189bzsUCmZ/?mibextid=WC7FNe
VI ER BEST I NORGE 🏆🏆🏆
Alti Førde gratulerer damelaget til Førde VBK med gull og kongepokal i dagens cupfinale i Oslo. - No er vi klare for bankett, seier Clas Ohlson-sjefen Espen Arefjord.
Både tilsette og kundar ved Alti Førde kan gratulere Førde Volleyballklubb med sigeren i cupfinalen for damer. Dei nedkjempa den nordnorske klubben Øksil 3-0 i Ekeberghallen i dag. Og ute på parketten herja fysioterapeut Julie Varga og assistenttrenar Espen Arefjord, medan fysioterapeut Aud Vassbotten Storøy var ein del av støtteapparatet på vinnarlaget.
Jublar i kveld 🏆🏆🏆
Ikkje så underleg at både tilsette ved Aktiv Fysio og Manuellterapi og Clas Ohlson-butikken på Alti Førde verkeleg har grunn til å feire.
- Det har vore ein hektisk og stor dag i Oslo. Dessverre vart det tap for herrelaget til Førde VBK i sin cupfinale, så vi får prøve å halde oppe stemninga på vegner av klubben, smiler Espen Arefjord då han let seg avfotografere saman med Julie Varga og Kongepokalen på veg til banketten.
Glede i troppen 👏👏👏
Det var sunnfjord-ordførar Jenny Følling som fekk æra av å overrekke både meisterskapspokalar og Kongepokalen til Førde-troppen etter cupfinale-sigeren.
Og som trenar Jan Egil Tvinde sa etter den TV-sende cupfinalen:
- Dette var ein lagsiger, og mange av spelarane fekk vist fram sitt beste. Og ikkje minst hadde vi fantastisk støtte av supporterane, sa Tvinde.
Alti Førde gratulerer både Julie Varga, Espen Arefjord og Aud Vassbotten Storøy med gull og Kongepokal i årets cupfinale. 👏👏👏
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat