31/03/2026
🐣 God påske frå legevakta 🐣
I påskefeiringa opplev vi tidvis stor pågang. Vi ber difor om forståing for at det kan bli noko lengre ventetid, både på telefon og ved oppmøte.
Legevakta er eit akuttilbod, og vi prioriterer pasientar ut frå behov.
Vi har dessverre ikkje moglegheit til å fornye reseptar, og vi har kun medisinar til behandling av akutt sjukdom. Andre faste medisinar må hentast ut på apotek. Fornying av reseptar må gjerast hos fastlege i ordinær kontortid.
Vi set stor pris på at de planlegg i god tid før høgtida, slik at legevakta kan vere tilgjengeleg for dei som treng det mest.
Takk for forståinga, og vi ønskjer dykk alle ei riktig god påske 🌼