Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Rehabilitering for barn, ungdom og vaksne blant fjord og fjell🌟

Ver venleg å ikkje del personlege opplysningar i kommentarfelt.

Rett spørsmål til 57 73 71 00/[email protected].

02/09/2026

🙋‍♀️ Vi søkjer etter ein sosionom/rådgjevar! Har du bakgrunn som sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant kompetanse innan helse- og sosialfag?

📍 Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler
🤝 100 % stilling
📆 Søknadsfrist: 15. september 2026

Sjekk lenke til stillingsannonsen i kommentarfeltet og del gjerne med flinke folk du kjenner 🤞🏼☺️

👩‍🦽‍➡️🚸👩‍⚕ Ønsket om ei levande bygd, planar om tursti, utbyggingar, reguleringsplanar, entusiasme for fagleg satsing og...
31/08/2026

👩‍🦽‍➡️🚸👩‍⚕ Ønsket om ei levande bygd, planar om tursti, utbyggingar, reguleringsplanar, entusiasme for fagleg satsing og tilrettelegging for endå meir mangfald – det var noko av det vi var innom då formannskap og administrasjon frå Fjaler kommune tok turen til Haugland førre veke.

🧐 Les heile saka og sjå bilde på heimesida vår (lenke i kommentarfeltet)

⛔ Sklia i badeland er stengt inntil vidare på grunn av vedlikehaldsbehov.🏊‍♀️ Vi beklagar at dette kjem samtidig som ter...
28/08/2026

⛔ Sklia i badeland er stengt inntil vidare på grunn av vedlikehaldsbehov.

🏊‍♀️ Vi beklagar at dette kjem samtidig som terapibassenget er stengt. Vi håper besøkande likevel vil kose seg i symjebassenget, som for tida er varmare enn vanleg.

🌊 Fontener, motstraum og boblebad i det store bassenget fungerer som normalt ☺️

(📷 SolFure)

Vi kondolerer ❤Det er med stor sorg vi har mottatt meldinga om at Hans Majestet kong Harald er død. Kongen opna senteret...
28/08/2026

Vi kondolerer ❤

Det er med stor sorg vi har mottatt meldinga om at Hans Majestet kong Harald er død.

Kongen opna senteret vårt på Haugland 24. oktober 1992. Han uttalte då at «etableringa av dette senteret viser at trua på ei god sak gjer det mogleg å løyse store oppgåver».

Kong Harald signerte så eit messingskilt som i dag heng i våre lokale.

Dronning Sonja er høg beskyttar for vår gode nabo og samarbeidspart, United World College Røde Kors Nordisk. Vi har derfor hatt gleda av å ha dronninga på besøk på Haugland mange gonger. Vi sender vår kondolanse til dronning Sonja.

🎯 Er Pain Reprocessing Therapy nyttig i rehabilitering? Vi inviterer til konferanse om dette høgaktuelle temaet i Bergen...
26/08/2026

🎯 Er Pain Reprocessing Therapy nyttig i rehabilitering? Vi inviterer til konferanse om dette høgaktuelle temaet i Bergen i november. Early bird-pris fram til 31. august!

👐 «Møteplassen» er ein årleg arena for fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging innan rehabilitering, som vi arrangerer på vegner av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering.

👉 På konferansen i år skal vi utforske korleis PRT kan brukast i møte med menneske som opplever langvarige smerter og symptom. Korleis er erfaringane frå rehabiliteringsklinikkane?

🙋 På heimesida vår kan du lese meir og melde deg på (link i kommentarfeltet). 👇

🛠️ Det varme terapibassenget vårt blir stengt i tre veker på grunn av vedlikehald frå fredag 28. august. 🏊‍♀️ Det store ...
25/08/2026

🛠️ Det varme terapibassenget vårt blir stengt i tre veker på grunn av vedlikehald frå fredag 28. august.

🏊‍♀️ Det store bassenget er ope som vanleg, men i denne perioden aukar vi temperaturen på vatnet der til 32 grader.

🤽‍♂️ For badegjestane gjeld dette altså søndagane 30. august, 6. og 13. september. Etter planen går offentleg bading som normalt frå søndag 20. september.

24/08/2026

Ledige plassar for barn og unge! Søknadsfrist 4. sep. Sjekk rkhr.no.

(Foto: Jostein Vedvik)

🌹 Denne veka hadde vi besøk av programkomiteen til Vestland Arbeidarparti. Dei ønskte innspel til politikken og programm...
19/08/2026

🌹 Denne veka hadde vi besøk av programkomiteen til Vestland Arbeidarparti. Dei ønskte innspel til politikken og programmet sitt før valet i 2027.

🤝 Direktør Inger Johanne Osland nytta sjansen til både å informere og utfordre politikarane.
– Det er viktig at politikarar kjenner til institusjonen og ser samfunnsnytta av rehabilitering, seier ho.

🫵 Les meir på heimesida vår (link i kommentarfeltet).

Kreftpasientar som har vore på rehabilitering hos oss rapporterer om kjempegod effekt 🙌 Mangeårig satsing og kunnskapsri...
04/08/2026

Kreftpasientar som har vore på rehabilitering hos oss rapporterer om kjempegod effekt 🙌 Mangeårig satsing og kunnskapsrike medarbeidarar ligg bak dei gode resultata ❤

Les meir i linken i kommentarfeltet.

Foto: Jostein Vedvik

Høyrt om narkolepsi? Det er ein sjeldan og kompleks søvnsjukdom, som gjer hjernen ukontrollert trøytt og ukonsentrert og...
21/07/2026

Høyrt om narkolepsi? Det er ein sjeldan og kompleks søvnsjukdom, som gjer hjernen ukontrollert trøytt og ukonsentrert også på dagtid 🥱 Mange med narkolepsi har derfor utfordringar i kvardagen, men no kan dei få avgjerande hjelp gjennom rehabilitering på Haugland 🙌

❗️Som første og einaste i landet har vi starta med gruppetilbod for desse pasientane 🫶 Tilbakemeldingane er gode og pågangen stor. Les meir på heimesida vår (lenke i kommentarfeltet).

📷 Fysioterapeut Erlend. Foto: RKHR

Adresse

Hauglandsvegen 308
Flekke I Sunnfjord
6968

Telefon

+4757737100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS:

Snarveier

Del