09/10/2026
🎄 Hald av fredag 27. november – då blir det julegateopning på Frekhaug senter!
I år ønskjer vi å kombinere julegateopninga med ein utandørs julemarknad. Vi håpar å samle små og store til ein triveleg ettermiddag med julestemning og lokalt fellesskap! ✨
Dette er tidene vi planlegg:
🛍️ Julemarknad kl. 15.30–20.00
🌟 Julegateopning og markering kl. 17.00–19.00
Har du lyst til å vere med på marknaden?
Lagar du handverk, julepynt, gåver eller noko godt å ete? Eller har du andre varer som passar på ein julemarknad? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
💬 Send ein e-post til [email protected], eller legg att ein kommentar i innlegget her, og fortel kort kva du ønskjer å tilby. Dette er ei uforpliktande interessemelding – sjølve påmeldinga kjem seinare.
Vi legg til rette med innleigde telt og bord. Nærare informasjon om pris, påmelding og praktiske detaljar kjem innan eit par veker. Vi kjem òg tilbake med meir om programmet for julegateopninga.
📅 Set av fredag 27. november 2026, og følg sida vår for oppdateringar!
Del gjerne innlegget, og tips nokon du meiner burde vere med på marknaden. Vi vil gjerne nå ut til heile området vårt (og gjerne andre delar av Alver kommune)! ❤️
Foto frå julemarknad 2025 Foto