Granvin Fysikalske Institutt

Granvin Fysikalske Institutt Ver merksam på å ikkje dele sensitiv informasjon via sosiale media.

Fysikalsk institutt med treningsal og basseng ope for alle

Opningstider:
Man: 07.00 - 17.00
Tys: 07.00 - 20.00
Ons: 07.00 - 17.00
Tors: 07.00 - 20.00
Fre: 07.00 - 17.00

Eva Walseng Kjerland, Manuellterapeut og primærkontakt innan muskel- og skjelett Ta kontakt for time hjå fysioterapeut og manuellterapeut Eva Branstveit Kjerland, eller for spørsmål kring trening eller bading:

- Epost: granvin.

[email protected]
- Telefon eller sms: +47 412867731

Du kan også ta kontakt direkte via messenger på facebook.

10/06/2026
Det skjer mykje her på Granvin Fysikalske Institutt om dagen. Eva er ute i permisjon litt før planen, og er difor ikkje ...
10/06/2026

Det skjer mykje her på Granvin Fysikalske Institutt om dagen.

Eva er ute i permisjon litt før planen, og er difor ikkje tilgjengeleg på mobilnummer 41287731 som vanleg.

Har du spørsmål om trening og bading kan du ringe Arne på mobil 90655352. Han steppar inn som driftsansvarleg ein periode framover, og kan hjelpe med spørsmål om medlemskap, klippekort og alt anna som har med instituttet å gjera.

Har du behov for fysioterapi kan du ringe direkte til Ingeborg på mobil 90617450. Ho arbeider halv stilling no i sommar og trappar opp til 100% frå august. Under kan du lese den flotte artikkelen om Ingeborg som flyttar heimover og skal halde hjula igang medan Eva ute i permisjon.

Me set pris på tolmod og forståelse i denne perioden, der Ingeborg vart kasta inn i stillinga utan så mykje overlapp som me hadde planlagt. Men - ho tek ting på strak arm og er allereie godt igang!💪

Nyutdanna Ingeborg Uglenes har vendt snuten heimover for å jobba.

Det nærmar seg juni, sommar og sol. Her på Granvin Fysikalske held me ope som normalt heile juni og fyrste halvdel av ju...
27/05/2026

Det nærmar seg juni, sommar og sol.

Her på Granvin Fysikalske held me ope som normalt heile juni og fyrste halvdel av juli. Me stenger dørane i 2,5 veke før me opnar att som vanleg heile august.

Siste opningsdag før ferie: Onsdag 15. juli kl. 7-17
Fyrste opningsdag etter ferie: Mandag 3. august kl. 7-17

I juni byrjar Ingeborg Uglenes her på Granvin Fysikalske Institutt. Ingeborg er fødd og oppvaksen i Ulvik, og har dei si...
28/04/2026

I juni byrjar Ingeborg Uglenes her på Granvin Fysikalske Institutt. Ingeborg er fødd og oppvaksen i Ulvik, og har dei siste åra helde seg i Bergen. Ho er ein engasjert fysioterapeut, utdanna ved Høgskulen på Vestlandet og har erfaring både frå kommunehelsetenesta og Haukeland Universitetssjukehus.

Me gler oss veldig til å få henne til Granvin!

Kom mai, du skjøne milde!Her er våre opningstider, eller rettare sagt stengetider i mai 🌸
15/04/2026

Kom mai, du skjøne milde!
Her er våre opningstider, eller rettare sagt stengetider i mai 🌸

OBS!I morgon må me diverre stenge vatnet i kranane mellom kl. 08.30 og 10.30. Dette grunna røyrleggararbeid. Me held ope...
08/04/2026

OBS!
I morgon må me diverre stenge vatnet i kranane mellom kl. 08.30 og 10.30. Dette grunna røyrleggararbeid.

Me held ope som normalt, og beklagar elles ulempene dette fører med seg.

Treningssalen er for tida oppteken kvar tysdag kl. 14.00 - 15.30 til gruppetrening i regi av fysioterapeut. Utanom denne...
07/04/2026

Treningssalen er for tida oppteken kvar tysdag kl. 14.00 - 15.30 til gruppetrening i regi av fysioterapeut. Utanom denne tida kan du når som helst nytte treningssalen til eigentrening utan avtale. Dette gjeld entan du har medlemsskap, klippekort, eller kjem innom på ei enkelttrening.

Bassenget har fram til sommaren ingen gruppetimar, og er alltid ledig til bading for enkeltpersonar, grupper og familiar.

God trening og bading!

Ynskjer du å bruke lokala våre utanom opningstidene? Det er fullt mogleg, og her finn du meir informasjon.
23/03/2026

Ynskjer du å bruke lokala våre utanom opningstidene?
Det er fullt mogleg, og her finn du meir informasjon.

Snart påske - her kjem informasjon om opningstidene våre!Ynskjer du å bade eller trene neste veke? Då har du høve til de...
23/03/2026

Snart påske - her kjem informasjon om opningstidene våre!

Ynskjer du å bade eller trene neste veke? Då har du høve til det mandag - onsdag (vanlege opningstider).

Me stenger frå og med skjærtorsdag til og med mandag 2. påskedag.

Ved akutt behov for fysioterapi kan du kontakte Eva på mobil 41287731.

Adresse

Kjerlandsvegen 58
Granvin
5736

Åpningstider

Mandag 07:00 - 17:00
Tirsdag 07:00 - 21:00
Onsdag 07:00 - 17:00
Torsdag 07:00 - 21:00
Fredag 07:00 - 17:00

Telefon

+4790655352

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Granvin Fysikalske Institutt legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Granvin Fysikalske Institutt:

Del