Helse Fonna

Helse Fonna Velkommen til Helse Fonna si offsielle Facebook-side. Ikkje publiser sensitive personopplysningar om deg sjølv eller andre. Administrasjonsstad er i Haugesund.

Treng du helsehjelp, ta kontakt med fastlege, eventuelt legevakt om det hastar. Ved akutt fare for liv og helse, ring 113. Helse Fonna HF gir spesialisthelsetenester til ei befolkning på over 180 000 menneske i 18 kommunar. Våre oppgåver er pasientbehandling, forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. Våre sjukehus finn du i Haugesund og Odda, på Stord og Valen. Våre distriktpsyki

atriske senter er Folgefonn DPS, Haugaland DPS, og Stord DPS. Vi har 10 ambulansestasjonar i heile området. Ikkje publiser personopplysningar om deg sjølv eller andre. Vi kan ikkje svare på spørsmål om helse i denne kanalen.

I dag er det berre å gratulere ein sjukepleiar🥳12. mai er nemleg sjukepleiardagen. ❤ Andrika Hagfjäll er vår føretakstil...
12/05/2026

I dag er det berre å gratulere ein sjukepleiar🥳12. mai er nemleg sjukepleiardagen. ❤ Andrika Hagfjäll er vår føretakstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund (NSF). Ho seier det best sjølv: – Sjukepleiarar er der – over hele landet. I sjukehus og i heimetenesta. I undervining, forsking og leiing. Sjukepleiarar er ein viktig del av Noreg sin beredskap. Kvar dag. Heile døgnet. Gratulerer med dagen, sjukepleiar!

Gratulera med den internasjonale jordmordagen til alle jordmødrer🥳 Vi sett stor pris på den viktige jobben de gjer når e...
05/05/2026

Gratulera med den internasjonale jordmordagen til alle jordmødrer🥳 Vi sett stor pris på den viktige jobben de gjer når eit nytt liv skal komme til verda💞

Nyleg blei kanskje tidenes jordmortreff holdt i Haugesund med over 50 jordmødrer🤩 Der ga dei innspel til korleis det kan utviklast ein berekraftig og heilskapleg omsorgsmodell for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i heile Helse Fonna-regionen. Les meir om prosjektet her:
https://www.helse-fonna.no/nyheiter/2026/tidenes-jordmortreff/

Inne på intensivavdelinga i Haugesund er det eitt rom som ser litt annleis ut enn alle dei andre. Barnerommet har nemleg...
21/04/2026

Inne på intensivavdelinga i Haugesund er det eitt rom som ser litt annleis ut enn alle dei andre. Barnerommet har nemleg intensivsjukepleiar Elisabeth Hasseløy pynta.💙💚🧡Avdelinga hoper dette kan gjere det litt hyggelegare for barn og foreldre som er her. Det synes i alle fall dei sjølv at det har blitt😊

På bileta kan du sjå intensivsjukepleiarane Benjamin Sandal og Gro Anita Severeide Aase som visar korleis dei får barn til å strekke seg etter såpebobler for lungetrening.
Ganske nyttig, og ganske gøy.😃

I går var bioingeniørdagen og i dag hadde blodbanken i Haugesund open dag for tilsette🩸Kvar einaste blodprøve blir nøye ...
16/04/2026

I går var bioingeniørdagen og i dag hadde blodbanken i Haugesund open dag for tilsette🩸
Kvar einaste blodprøve blir nøye analysert av våre dyktige bioingeniørar i Odda, Haugesund og på Stord. Dei er essensielle for at du skal få rett blod, rett diagnose, rett behandling og for pasientsikkerheita. Tusen takk for jobben de gjer🔬💙

Statsminister Jonas Gahr Støre var i dag på Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Tusen takk for besøket! 😀Få med deg alt👇Les...
07/04/2026

Statsminister Jonas Gahr Støre var i dag på Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Tusen takk for besøket! 😀Få med deg alt👇

Les gjerne meir på nettsidene våre:
https://www.helse-fonna.no/nyheiter/2026/statsminister-jonas-gahr-store-pa-valen-sjukehus-og-folgefonn-dps/

Statsrådbesøk er hyggjeleg, og dette er aller første gongen ein sitjande statsminister kjem på offisielt besøk til Helse Fonna. Det synest vi er stor stas!

Under besøket fekk statsministeren informasjon om korleis vi behandlar psykisk sjuke i dag, kontra slik det vart gjort i «gamle dagar». Mykje av fokuset i dag er å førebu pasientane til eit mest mogeleg normalt liv i sin heimkommune. Han fekk høyre meir om ny sikkerheitspost og korleis ein behandlar sikkerheitspasientar, FACT (fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam), samarbeid med kommunane og han fekk orientering om aktivitet og livsmeistring.

«Någen lyge om Haugalandet!»Det påstår Karten Blomvik. Kvifor? 👀 Fordi alle moglegheitene som finst her på Haugalandet e...
01/04/2026

«Någen lyge om Haugalandet!»

Det påstår Karten Blomvik. Kvifor? 👀 Fordi alle moglegheitene som finst her på Haugalandet er ei godt bevart hemmelegheit?🕵

Podcasttips til påsken: Area 52 – Sannheten om Haugalandet.
Der prøver Blomvik å nøste opp i sanninga saman med næringslivsleiarar, tilsette og kulturpersonlegheiter frå regionen vår.
Er du klar for å høyre kva som eigentleg går føre seg? 😎
Høyr AREA 52 - Sannheten om Haugalandet der du lyttar til podcast🎧
Helse Fonna har bidratt til podcasten til i fordi vi veit kor mykje Haugalandet har å by på😉

I dag er sosialarbeidardagen🥳Sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar og sosialpedagogar jobbar kvar dag for at me...
17/03/2026

I dag er sosialarbeidardagen🥳
Sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar og sosialpedagogar jobbar kvar dag for at menneske skal kjenne seg ivaretatt🫶

– Når du er sjuk eller skada, påverkar dette meir enn berre kroppen. Det påverkar mange sider i livet – som familie, jobben og kvardagen, seier Astrid Kinn Bjørnøy, klinisk sosionom ved Haugesund sjukehus.

– Vi skal vere brubyggar ut til livet – enten dei treng hjelp frå private eller offentlege instansar, seier Linn Halle Brandsø, sosionom ved Haugesund sjukehus.

Arbeidet deira gjer ein forskjell for pasientar og pårørande. Både for livet på sjukehuset, utanfor og for helsa i seg sjølv – fordi pasientane blir mindre stressa og kan lettare ta innover seg informasjon.

Sosionomane på Haugesund og Stord sjukehus seier dei har ein givande jobb og at pasientar og pårørande er kjempetakknemlege for hjelpa dei får.
I dag vil vi gi dei ein ekstra takk💙

Er du jordmor? Jordmorpensjonist? Jordmorstudent? Kjenner du ei jordmor? Lese vidare 👇Helse Fonna og Tysvær kommune invi...
07/03/2026

Er du jordmor? Jordmorpensjonist? Jordmorstudent? Kjenner du ei jordmor? Lese vidare 👇

Helse Fonna og Tysvær kommune inviterer alle jordmødrer – og dei som vurderer å bli det – til workshop i Haugesund 22. april. Vi har så lyst til å høyre frå deg om korleis kvardagen din er, kva du trur for fleire blir i yrket og korleis vi kan gjere det best for pasientane våre. 😍

Meld deg på innan, frist 8. april: https://www.helse-fonna.no/arrangementer-og-kurs/workshop-for-jordmodre

Målet er å utvikle ein heilt ny og meir berekraftig omsorgsmodell for svangerskaps-, føde- og barselstilbod i regionen. Rett og slett eit felles utviklingsprosjekt. 😃

Saman skal vi finne ut:
• Korleis arbeidsdagen for jordmødrer kan bli betre.
• Korleis samarbeidet mellom sjukehus og kommunar kan styrkast
• Korleis vi enklare kan rekruttere og behalde kompetanse over tid.

Prosjektleder er jordmor Monica Helgeland Tverfjell.

– For å lykkes må vi høyre dine erfaringar og kva du meiner skal til for å få ein god arbeidskvardag. Vi ønskjer eit tettare samarbeid på tvers av sjukehus og kommunar. Når vi deler kompetanse og erfaringar blir vi betre, og kan saman skape eit trygt og godt tilbod til kvinnene i regionen.

Workshop arrangerast 22. april kl. 11.30-15.00 på Quality Hotel Maritim i Haugesund. Meld deg på innan, frist 8. april: https://www.helse-fonna.no/arrangementer-og-kurs/workshop-for-jordmodre

Adresse

Karmsundgata 120
Haugesund
5528

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helse Fonna legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Helse Fonna:

Del

Type