16/03/2026
🌿 Tilbake på kontoret – gradvis 🌿
Etter ei tid med sjukmelding er eg no forsiktig tilbake i arbeid ved Psykologen i Sjøhuset.
Eg startar roleg opp igjen, med noko avgrensa kapasitet ei stund framover, medan eg framleis er i rehabilitering. I denne fasen kan eg også tilby oppfølging via telefonsamtale der det er ønskjeleg.
Det kjennest godt å vere tilbake i møte med menneske igjen. Takk til alle som har vist tolmod, omsorg og forståing i denne perioden – det har betydd mykje.
Velkomen til å ta kontakt dersom du ønskjer time.
– Sølvi Lie 🌿