Hjelmeland Begravelsesbyrå

Hjelmeland Begravelsesbyrå Vi gir dykk tryggleik i ei vanskeleg tid. Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd. Til hjelp i sorga sidan 1978.

Vi tilbyr våre tenester og har eit naturleg verkeområde i Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.

Ein stor takk til lokalavisa som har intervjua Odd Kåre Hjelmeland om yrket vårt, og kvifor vi som jobbar her kjenner de...
10/09/2025

Ein stor takk til lokalavisa som har intervjua Odd Kåre Hjelmeland om yrket vårt, og kvifor vi som jobbar her kjenner det er givande å få hjelpe dei som treng det, når dei treng det, på ein hjartegod måte. Takk for alle gode ord vi får på vegen, det set vi utruleg stor pris på.

Odd Kåre Hjelmeland byrja i familien sitt gravferdsbyrå for 40 år sidan, og har aldri ønskt seg noko anna. Men det er ingen vanleg åtte til fire jobb. - Under gravferdsdagane kan vi sjå litt kalde ut, men det vil eg ikkje ha på meg at vi er. Men vi må ha skylappar på.

Dette er oss som jobbar i Hjelmeland Begravelsesbyrå. Klare til å stille opp – med omsorg, verdigheit og høg fagleg komp...
01/07/2025

Dette er oss som jobbar i Hjelmeland Begravelsesbyrå. Klare til å stille opp – med omsorg, verdigheit og høg fagleg kompetanse når du treng det. Vi har eit oppriktig ønskje om å vere til hjelp og støtte for alle som tek kontakt, og takkar for tilliten til dei som allereie kjenner til oss.

Vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå har gleda av å ønskje ein ny kollega velkomen: Stine Rake.Ho kjem inn med ein varme, omt...
29/05/2025

Vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå har gleda av å ønskje ein ny kollega velkomen: Stine Rake.
Ho kjem inn med ein varme, omtanke og eit oppriktig ønskje om å vere til hjelp og støtte for alle dei menneska vi møter i vår jobbkvardag.

Vi er takksame for å ha fått Stine med oss på laget, og trygge på at ho vil tilføre mykje positivt til kvaliteten, verdigheita og omsorgen som vi til dagleg legg i vårt arbeid.
Hjarteleg velkomen skal du vere!

30/11/2023

No nærmar vi oss slutten på det 45. driftsåret til Hjelmeland Begravelsesbyrå. I to generasjonar har vi fått vere til hjelp og støtte for nordfjordingar når dei har opplevd dei tyngste stundene i liva sine, og det skal vi halde fram med. I løpet av desse åra har det også blitt mogeleg for oss å utvide det geografiske arbeidsområdet vårt, m.a. ved å kunne tilby tenester i både Gloppen og i Stranda og Fjord kommunar. Etter å ha samla erfaring gjennom så mange år, står vi sterkare og betre rusta enn nokon gong til å møte desse vanskelegaste stundene saman med dykk i Nordfjord og på Sunnmøre. Sjølv om jobben vi gjer kan verke litt spesiell for enkelte, vil vi gjerne at de skal vite at møta med menneske som nett har mist ein dei er glad i, også gjev oss meir kunnskap, mot og styrkje til å kunne gje stadig meir tilbake. Tusen takk for tilliten de har vist oss gjennom 45 år og vi satser på 45 nye år ❤️
Beste helsing Bjørn, Tone Lise, Mariann og Odd Kåre.

www.hjelmeland.as

Vi gir dykk tryggleik i ei vanskeleg tid.
Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd.
Vi tilbyr våre tenester og har eit naturleg verkeområde i Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.

Til hjelp i sorga sidan 1978.

Adresse

Nordfjordvegen 4635
Nordfjordeid
6770

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjelmeland Begravelsesbyrå legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Hjelmeland Begravelsesbyrå:

Snarveier

Del