Brunsj & Briller

Brunsj & Briller Åpningstider 01.01-28.01
Kafé: Stengt til 28.januar
Synsprøver på førespurnad, tlf 930 77 530. (Åpningstider på Google er alltid oppdaterte)

Her kjem åpningstidene våre for påskeveka. Kaféen blir open 1. april 13-18 og påskequiz starter kl 20. Dørene opner kl 1...
30/03/2026

Her kjem åpningstidene våre for påskeveka. Kaféen blir open 1. april 13-18 og påskequiz starter kl 20. Dørene opner kl 19. Nytt av året er at ein vel bord når ein kjem. Det er såleis ikkje førehandsbooka bord, som tidlegare, og dei som kjem først får også velge bord først. Det er førebels fullt på quiz, men ein kan sette seg på venteliste.

Vi tek påskeferie frå og med skjærtorsdag og åpner kaféen att 9. april. God påske frå alle oss på Brunsj & Briller🐣

På grunn av jordferd i Bergen for nokon av oss, så blir det begrensa meny og åpningstider torsdag og fredag denne veka. ...
18/03/2026

På grunn av jordferd i Bergen for nokon av oss, så blir det begrensa meny og åpningstider torsdag og fredag denne veka.
Åpningstider:
Torsdag: 11-16, vanleg meny.
Fredag: 11-15, redusert meny: Boller, kaffi, BLT og mango og kyllingsalat.

Påfyll av lukkefremjande stearinlys frå Mrs Miccio🥳💃🏻🕺🏻 Masse fine påskelys, mellom anna🐥🐣
11/03/2026

Påfyll av lukkefremjande stearinlys frå Mrs Miccio🥳💃🏻🕺🏻 Masse fine påskelys, mellom anna🐥🐣

11/03/2026
Onsdag 1. april køyrer vi påskequiz på Brunsj & Briller kl 20.00. Dørene åpner kl 19.00. Max 6 per lag for å vere med å ...
11/03/2026

Onsdag 1. april køyrer vi påskequiz på Brunsj & Briller kl 20.00. Dørene åpner kl 19.00. Max 6 per lag for å vere med å tevle om premie. Det koster 50,- per pers. Ver raske å melde dykk på, det hender ofte at det blir fullt. Påmelding skjer på Brunsj & Briller sin Messenger. Velkommen til ein koselig kveld med fine folk og deilig påskestemning.

PS. Det blir diverre ikkje afterski på Brunsj & Briller i år.

🌿 Er du (eller kjenner du) den vi leitar etter?Hjå Brunsj & Briller skjer det mykje fint for tida. Vi er ei lita bedrift...
16/02/2026

🌿 Er du (eller kjenner du) den vi leitar etter?

Hjå Brunsj & Briller skjer det mykje fint for tida. Vi er ei lita bedrift i utvikling, med eit unikt konsept der brunsj, spanande smakar og gode opplevingar får stå i sentrum. No ønskjer vi oss ein kokk som vil vere med vidare – ein som likar å skape, smake, utforske og forme noko saman med oss.

Kvardagen hos oss handlar om nye idéar på kjøkkenet, gode samtalar over kaffikoppar, travle dagar, mykje latter – og eit genuint ønskje om å gje gjestene våre noko dei har lyst å kome tilbake til. Du vil få ei viktig rolle, med ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet og moglegheit til å påverke både meny og retning vidare.

Kanskje har du fagbrev. Kanskje har du ikkje – men du må vere glad i mat, ha erfaring frå kjøkken og kjenne deg heime i eit miljø der ein jobbar tett saman og tek ansvar. Vi ser etter deg som er påliteleg, sjølvstendig og som bryr deg om både menneska rundt deg og konseptet vi byggjer.

Stillinga er ca. 80 % (med moglegheit for 100 % for rett person), hovudsakleg dagtid tysdag–laurdag – med litt kveld og søndag innimellom når sesongen krev det.

Oppstart så snart som mogleg etter 1. mai.
Søknadsfrist 10. mars.

Har du spørsmål, eller kjenner du at dette kanskje er di neste reise? Send oss ein e-post eller ei melding 🤍
📧 [email protected]
Kontaktperson: Elisa Sunde

Del gjerne vidare – kanskje kjenner du nokon som har lyst til å jobbe med oss?

Soyamarinert svinenakke på focaccia på helgemenyen denne veka😃🙌🏼💃🏻
06/02/2026

Soyamarinert svinenakke på focaccia på helgemenyen denne veka😃🙌🏼💃🏻

Ai, ai, ai, folkens! Vi har endelig fått inn noko eg har prøvd å få tak i, i over eit halvt år! -Kanskje verdas beste la...
31/01/2026

Ai, ai, ai, folkens! Vi har endelig fått inn noko eg har prøvd å få tak i, i over eit halvt år! -Kanskje verdas beste lakris! Steike, denne er så god!🤤🤤🤤Bagsværd Lakrids, frå nettopp Bagsværd i nydelige Danmark!😍 Slett ikkje rart denne har gått viralt på TikTok! Kom innom oss for å unne deg lakrisen sitt svar på kvardagsluksus. Vi har også smaksprøver🙊😃

Vekas rett er litt spicy gulrotsuppe med brød og smør. Varmande og deilig i kulda🍲🍜😋
30/01/2026

Vekas rett er litt spicy gulrotsuppe med brød og smør. Varmande og deilig i kulda🍲🍜😋

✨ Godt nytt år til alle våre fantastiske kundar! ✨ 2025 er historie, og vi vil takke kvar og ein av dykk for eit fantast...
01/01/2026

✨ Godt nytt år til alle våre fantastiske kundar! ✨

2025 er historie, og vi vil takke kvar og ein av dykk for eit fantastisk år ❤️ Sommaren blei eventyrleg! Vi har hatt ei fantastisk gjeng på jobb, og ekstrahjelpene våre imponerar oss kvar einaste veke!

I januar blir kafeen stengt grunna jobb på augepoliklinikken og synsundersøkingar. Kafeen opnar difor først mot slutten av månaden. Opningstidene våre er alltid oppdaterte på Google.

Treng du hjelp med briller eller ein synsundersøking som hastar? Send melding eller ring Elisa på 419 33 234🤓 Dersom du ikkje får svar, ringer vi deg tilbake ved første høve.

Tusen takk til alle som har kjøpt briller og kontaktlinser hjå oss, for alle besøk, oppmøte på quizkvelder, og den gode stemninga. De er svært viktige for oss!🥰
Vi håpar 2026 blir eit strålande år for dykk alle! 🌟

Adresse

Ospene 7
Skei
6843

Åpningstider

Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 17:00
Lørdag 11:00 - 16:00

Telefon

+4741933234

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brunsj & Briller legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Brunsj & Briller:

Snarveier

Del

Type