Yomasofi

Yomasofi Om Yoga, Mat og Kvardagsfilosofi. Korleis me kan bedre livskvaliteten vår. Små grep i kvardagen for å bedre livskvaliteten.

Anahata Yoga & The 5 Element Form �
Plantebasert mat og råkaker � Massasje og MTT muskelterapi �

Yoga for meg er ein livsstil, der ein brukar yoga i alt ein gjer. Alt frå å gi eit smil til nokon som treng det, til å ta vare på seg sjølv og kroppen sin. Å bli meir bevisst i kvardagen; på korleis ein teinkjer, snakkar og beveg kroppen. Å skape ein balanse i kropp, sinn og sjel. Lær å finne glede i alle aspekt av livet.

29.mai - 1.juni 🌕🌸 Fredag 17-20: VÅRSPIRER - JordelementetEi mjuk opning av helga for å lande i kroppen, i naturen, i fe...
22/05/2026

29.mai - 1.juni 🌕

🌸 Fredag 17-20: VÅRSPIRER - Jordelementet

Ei mjuk opning av helga for å lande i kroppen, i naturen, i fellesskapet. Me invitera fram det som spirer i oss - det levande og ekte - gjennom tromma, jordande øvelsar, mjuke tonar og naturleg bevegelse. Ei lett stemmeaktivering for å utforske kva som ligg å spirer i ditt kreative uttrykk.
Me vil saman bygge eit natur mandala/ alter for sirkelen, der me samtidig sett intensjonen for helga.

🔥 Laurdag 10-13: LIVSKRAFTA - Ildelementet

Ei leiken og kraftfull samling med pust & bevegelse, sang og dans. Ei djupare stemmeaktivering med naturlege bevegelsar i kroppen, for å utforske di eiga livskraft - din indre flamme.
Kva er det som gjer deg levande?

🌕 Søndag 10-13: FULLMÅNE - Vatnelementet

Å ære det som er modna, opna og blitt synleg i oss.
Me ristar av oss det som ikkje skal vere med vidare, og gir plass for det nye. Hjerte til hjerte øvelsar, der me speglar oss i kvarandre. I eit opent felt av nærvær, for å føle det som er ekte i deg. Vatnelementet representer følelsar, intuisjon, renselse, og det mystiske - og går godt i takt med månen.

🌬️ Mandag 10-13: INTEGRERE - Luftelementet

Me samlar trådane frå helga i stillheit og refleksjon. Skogens ro, og vindens stryk gir næring til å forankre det som vil bli med vidare i livet. Deling, mantra sang, og lydbad.
Me avsluttar sirkelen med eit felles mantra me kan ta med vidare, som eit minne om kva som vart levande gjennom denne helga.

Både laurdag og søndag kveld frå klokka 18 møtes me rundt bålet. Denne samlinga er ein invitasjon til å la det utfolde seg slik det vil utan noko spesielt program. Men eit trygt rom for å dele frå hjerta, om det er ord eller sang, dans eller anna. Me avsluttar med tromme og meditasjon for å roe ned før natta.

Alt dette i dei mest naturlege omgivelsar me har - naturen sjølv.
Med mulegheit for å trekke innandørs ved behov.

Nymåne 17.april 🌚Mange har kanskje kjent på forandringa allereie, nokon større og andre mindre. Det indre spegla det ytr...
17/04/2026

Nymåne 17.april 🌚

Mange har kanskje kjent på forandringa allereie, nokon større og andre mindre. Det indre spegla det ytre.
Det som ikkje fungera lenger skal sleppe taket, om ein vil eller ikkje. Forandring er uunngåeleg ✨

So er me i ildhestens år, og det spås store endringa i alle system me kjenner til, samt i oss sjølve og korleis me lever ut vårt sanne potensiale 🔥
Men som det seies må ilden temmes før ein springe avgårde 😅

Det har vert eit intens veke for meg, der eg kjenne både ro og stødigheit, samt gamle spor av kaos og utolmodigheit. Det føles som alt går so mykje fortare, samtidig som det føles som det går so sakte. Eg føle meg dradd i to retninga samtidig som den indre stemma ber om å finne balanse i midtpunktet. Å kvile inn det nye. Kvile inn i alle gjeremål. Det handlar ikkje om å sitte i ro og vente på at noko går over eller kjem til, men det handlar om å bruke energien til det som føles rett. Å starte nye prosjekt utan å bli overvelda av å for store mål. Å ta steg for steg, utan å tenke stort. Slik finne eg ro i kvart steg, og kan nyte heile prosessen. Å la vegen bli til mens eg går. Eg kjenne det er tid for handling, utan å miste jordinga. Å bevege seg steg mot steg mot eit meir autentisk liv, å kunne finne ein meir harmonisk forening mellom det indre og ytre, mellom gjere og vere 🌿

Å ha tillit til alt ein ikkje veit, å fortsette følge si rytme og møte opp kvar dag 💛

Det føles verkleg som om frøa som er sådd tidlegare no vekse fram for fullt 🌱🍀🌿

Korleis føler du denne tida? Del gjerne 🙏

Ei nydleg samling på Herand Kulturhus i går, og eg takka igjen og igjen for alle vakre, modige sjele som møter opp i sir...
12/04/2026

Ei nydleg samling på Herand Kulturhus i går, og eg takka igjen og igjen for alle vakre, modige sjele som møter opp i sirkelen. Som er villig til å trekke fokuset innover, og møte seg sjølv akkurat der ein er, der og då ✨

For ei utruleg samskaping som har vokst til her, med trekløveret Linda (), Inger-Johanne og meg. Alle bidreg på sitt beste vis, og saman står me sterkare. Eg føle meg so godt motteken her i Hardanger, og ser fram til fleire samlingar, både inne og ute, i Odda og Herand 🌿

Og kvar samling heilt unik - fordi den blir til av ALLE som møter opp 💚 Saman skapar me eit heilt unikt maleri kvar gong, der alle bidreg med sine fargar og tonar. Ingen bra eller dårlege, ingenting rett eller feil. Her møtes me utan merkelappa, konkurranse, samanlikning og prestasjon. Me møtes hjerte til hjerte, og i denne energien veks det nye fram 🍀

Eg ønske å kommunisere meir direkte om kommande arrangement, då eg reiser mykje rundt. So no set eg opp kontaktlister for bl.a Hardanger, Sogn, og Sunnmøre. Ynskjer du å bli kontakta direkte om arrangement i ditt område kan du sende meg ei melding til 90021654, slik at har ditt nr 🙏

Eg tek óg imot invitasjona om å komme til andre område, send ei melding om du ynskjer sette opp noko der du er ✨

Klem frå Katrin

Nok ein eventyrleg tur til Sunnmøre, som har bydd på litt av alt, i både vêr og følelsar 🌞💦🌿✨Ei magisk samling på Åheim,...
27/03/2026

Nok ein eventyrleg tur til Sunnmøre, som har bydd på litt av alt, i både vêr og følelsar 🌞💦🌿

✨Ei magisk samling på Åheim, første besøk her - tusen takk for invitasjonen, eg kjem gjerne igjen!
Eg blir so glad for alle som følger sin nyskjerrigheit og møter opp i sirkelen. So takknemleg for å få halde rommet, og like overraska kvar gong over kor unik kvar samling blir!

✨Ein skikkleg smak på våren, med sol og varme, der me samlast i sirkelen uti skogen for å feire vårjevndøgn. Ein vakker bukett kvinner som kvar blomstra på sitt unike vis. Det er so kraftfullt når me møtes i sirkelen, i eit rom for å vere ekte, med alt som er der og då. Å i tillegg bli haldt av naturen på det aller beste vis ☀️
Igjen, so takknemleg for å få halde rommet, for å vere ein del av sirkelen, og for alle kraftfulle menneske eg møte på denne veg!

✨ Aquayoga med Ingvill ( )søndag, so utruleg deileg å bevege seg fritt med vatnelementet, og kjenne korleis vatnet omfavna meg 💦

✨ Yogaspa og lydbad mandag, ei herleg samskaping med Mai Britt frå 🌿

✨ Kvinnesamling onsdag av Stina, som leda oss gjennom ei leiken og kreativ økt i kunst terapi 🎨

✨ Tid med gode venner, både inne og ute. Både tobeinte og firbeinte. I all slags vær, og alle speglinga. Eit tema som kom igjen frå alle kanta denne veka er «det er i relasjonar me helast». Når me greie å stå i ubehaget saman, kjem me sterkare ut på andre sida. Boka/ filmen «Minner om han» kan eg verkleg anbefale.
Eg har kjent mykje på det sjølv, kor lett det er å legge forventninga/ antagelsar på andre, og kor viktig det er å kommunisere med hjerta, å verkleg lytte til kvarandre for ein bedre forståelse av korleis me fungera ulikt. Slik me gjer når me delar i sirkelen, -den helande kommunikasjonen av å få si tid til å prate opent og fritt om det som rører seg der og då, for å lære seg sjølv bedre å kjenne. Samtidig å få lytte opent og kjærleg, for å lære andre bedre å kjenne 💛

Du verden, so godt det gjer å skrive ei slik takknemlegheitsliste ❤️
Tusen takk for denne gong Sunnmøre 🌸🌷🌻

📸 1 & 2: , som óg er samskapar og stadfinnar for våre natursamlingar på Sunnmøre 🍀

På fredag invitera me til å samlast ute i naturen for å feire vårjevndøgn 🌱☀️✨Med våren våkner me til, og frøa me har så...
17/03/2026

På fredag invitera me til å samlast ute i naturen for å feire vårjevndøgn 🌱☀️✨

Med våren våkner me til, og frøa me har sådd byrjar å spire.
Det er ei tid for å feire 🌿

Det vil bli samling rundt bålet, sang og dans, og trommereise.

Me beveg oss med naturen, og lokasjon blir bestemt nokre dagar før. Stad og pakkeliste får du når det er bestemt.

Me møtes klokka 11.
Det er ikkje satt noko avslutningstid, for å kunne ha rom for å la dagen utfolde seg slik den skal. Men om nokon treng ei tidsramme anbefales det å sette av 3-4 timer 💫

Det heile handlar om å møtes i nuet, for å feire våren ✨

Påmelding: sms 90021654 (Katrin)

Dette er eit donasjonsbasert arrangement, so du bestemmer sjølv kva du vil gi/ bringe inn i sirkelen 🙏

For kroner kan det vippses til 668849 - Yomasofi.

✨Og ynskjer du ein kopp seremoniell kakao kan du nevne det i påmeldinga ☕️

Ein verden der barna lære å leve i takt med naturenEin stad der dei veit dei rår med 💚For me er ikkje separat frå nature...
18/02/2026

Ein verden der barna lære å leve i takt med naturen
Ein stad der dei veit dei rår med 💚

For me er ikkje separat frå naturen
Me er natur 🌿

Naturen konkurrere ikkje
Den samskapa ✨

Naturen samanlikna ikkje
Den ære alle unikheita ✨

Naturen dømme ikkje
For den veit at alt høyre saman
At me er eitt 💚

DU ER SKAPAREN I DITT LIV ✨I dag 17.februar, er det nymåne og me går frå slangen til hestens år 💫Slangen inviterte oss t...
17/02/2026

DU ER SKAPAREN I DITT LIV ✨

I dag 17.februar, er det nymåne og me går frå slangen til hestens år 💫

Slangen inviterte oss til å sleppe det gamle, og gi rom for ein indre transformasjon 🐍

Hesten invitera oss no til å handle, til framdrift, til livskraft. Å velge friheit framfor frykt. Å våge ta sjansen mot det du drøymer om 🐎

Det du plantar no, veks.
Det du gir energi, får kraft.

Du blir minna om at du er skaparen i ditt liv 🧚
Og det krever mot å skape eit liv som går i takt med din indre sanning. Å våge tre inn i den du autentisk er, bak alt du trudde du var. Våge å gå din eigen veg 🌿

Men den ekte skaparkrafta kjem ikkje frå press, den kjem frå eigenkjærleik 💛
Frå å møte deg sjølv i mjukheit.
Frå å sjå at du er verd å elske, - for du er heilt unik.

Tiden er her no for å gi deg sjølv all den ubetinga kjærleik som ventar på deg. Huks på at hjerta snakkar aldri nedlatande. Det kan konfrontere, men alltid med kjærleik. Det er kun egoet som er i stand til kritisere, dømme, leve i frykt. I hjerta finnes kun kjærleik, tillit og tolmod 💚

Stol på din indre stemme,
Og la det lede deg til det du aldri kunne forestilt deg ✨

Elsk deg sjølv, utan betingelsar og krav
Og gjer alt du kan, for å ære og styrke denne kjærleiken.

Du treng ikkje ha alle svar for å starte ein ny retning, du treng berre å ta det første steget - med trua på deg sjølv ✨💛💫

Kvar gong kjem eit nytt lag av takknemlegheit, og forundring over alt livet byr på  🌿💚🍀Å kunne følge min veg, og det som...
09/02/2026

Kvar gong kjem eit nytt lag av takknemlegheit, og forundring over alt livet byr på 🌿💚🍀

Å kunne følge min veg, og det som kjem til meg i rett tid og form. Det eg lever for i dag, kunne eg aldri forestilt meg for 10 år sidan. Eg hadde ledd berre av tanken på at eg skulle halde lydbad, synge og tromme.

Men kvar gong eg sett meg ned med syngebollane eller tromma, blir eg tatt med ut på ein ny opplevelse. Slik desse instrumenta har lært meg, å lene meg inn i tillita til det som kjem. Det er ikkje alltid like lett med eit hode som har engasjert seg i overtenking og overanalysering heile livet. Men hodet styrer ikkje lenger, for eg blir leda av intuisjonen, og ser at kvar gong eg «held ut» so stilna tankane. Det har vert ei lang reise, og den stoppa heller ikkje - noko den ikkje treng, fordi den gir nye lag av forståelse, og eg veks med kvar erfaring.
Livet er ei evig reise, der kvar dag invitere til å møte med blanke ark. Og i dei møta kjem magien✨
Alt det eg aldri kunne forestilt meg, men som føles so rett i heile mitt system 💫

Det krever mot å gå sin eigen veg, og den kan vere einsam til tider, men det ein får igjen for det - er eit liv i takt med sitt autentiske sjølv 💛

Adresse

Ingen Fast Adresse, Reiser Rundt
Sogndal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Yomasofi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Yomasofi:

Del