Verdig Gravferd

Verdig Gravferd Me bistår på Bømlo, Stord, Fitjar og i dei andre Sunnhordland-kommunane.

God sommar frå Verdig Gravferd! ☀️Me ønskjer dykk alle ein fin og fredeleg sommar, med tid til kvile, gode stunder og va...
06/07/2026

God sommar frå Verdig Gravferd! ☀️

Me ønskjer dykk alle ein fin og fredeleg sommar, med tid til kvile, gode stunder og varme minne.

Ta vare på kvarandre – og nyt sommardagane

«I det djupaste» av Bente Bratlund🌿
11/05/2026

«I det djupaste» av Bente Bratlund🌿

Me er her for deg – før, under og i tida etter gravferda💐
14/04/2026

Me er her for deg – før, under og i tida etter gravferda💐

I Stord24 kan du i dag lese ei fin og nær sak om vår kollega Thomas Rudi Sporsheim. Mange blir overraska når dei høyrer ...
02/04/2026

I Stord24 kan du i dag lese ei fin og nær sak om vår kollega Thomas Rudi Sporsheim. Mange blir overraska når dei høyrer kva han jobbar med, men for oss i Verdig Gravferd er det heilt naturleg. Thomas har eit ekte medmenneskeleg engasjement og ein ro som gjer at pårørande kjenner seg trygge og ivaretekne når livet er som mest sårbart.
I intervjuet fortel han om kvifor han valde å bytte frå industrijobb til gravferdsyrket, kva arbeidet faktisk inneber og kor mykje han legg i å møte kvar familie med respekt, varme og profesjonalitet. Jobben krev både styrke og omtanke, og Thomas viser kvar dag at han har begge delar.
Me er stolte av å ha Thomas på laget. Han er eit godt døme på at gravferdsfaget handlar om meir enn logistikk og praktiske oppgåver. Det handlar om menneske, om tillit og om å skapa ro i ein vanskeleg situasjon.
Takk til Stord24 for å løfte fram historia hans, og takk til Thomas for arbeidet han gjer for familiar på Stord og i resten av Sunnhordlandsregionen.

Thomas Rudi Sporsheim får gjerne mange spørsmål når han seier kva han jobbar som.

I tillegg til sal av nye gravminne tilbyr me også vedlikeholdsarbeid/oppretting på gravstad🌱Her er eit 80år gamalt monum...
23/03/2026

I tillegg til sal av nye gravminne tilbyr me også vedlikeholdsarbeid/oppretting på gravstad🌱

Her er eit 80år gamalt monument der skrifta var uleseleg. Det framstår etter oppussing i ny drakt.

Me kjem på gratis uforpliktande befaring om de ynskjer det.
📧 [email protected]
📞918 000 40

Takk for tilliten og dei varme orda!Å få følgja familiar i Sunnhordland gjennom ei tung tid er ei oppgåve me tar på stør...
16/03/2026

Takk for tilliten og dei varme orda!

Å få følgja familiar i Sunnhordland gjennom ei tung tid er ei oppgåve me tar på største alvor. Difor gjer det oss både stolte og rørte å få så mange fine ord frå dykk. Me ønskjer å takka audmjukt for alle tilbakemeldingane de gir – det betyr meir enn me kan få sagt.

Verdig Gravferd er klarert av over 48 fornøyde kunder, og får en 5-star rating! Utforsk ekte anmeldelser og del din egen...

🌿 Møt menneska i Verdig Gravferd 🌿I tida rundt ei gravferd er det ofte dei små tinga, dei varme møta og den trygge støtt...
12/02/2026

🌿 Møt menneska i Verdig Gravferd 🌿
I tida rundt ei gravferd er det ofte dei små tinga, dei varme møta og den trygge støtta som betyr mest. Difor ønskjer me framover å introdusere dykk for dei tilsette hos oss.

I dag får du bli litt betre kjend med Thomas, som jobbar hos oss som gravferdskonsulent.

✨ Kvifor valde du gravferdsbransjen?
Eg jobba for ei tid tilbake på Haukeland sjukehus i Bergen. Der hadde eg mykje kontakt med gravferdsbyråa i byen og fekk eit innblikk i kvardagen deira. Dette gjorde at eg fekk eit sterkt ønske om å byrja i yrket. Det har vist seg å vera eit veldig godt val, og eg er takksam for tilliten eg har fått.

✨ Kva likar du best med jobben?
Det å få vera ein omsorgsperson for nokon som treng det, gir meg veldig mykje. Eg synest det er fint å få følgja familien gjennom møta me har. Å sjå at det me gjer betyr mykje for menneska me møter, er noko av det eg set aller mest pris på.

✨ Kva set du mest pris på i arbeidsmiljøet hos Verdig Gravferd?
Me er ein liten gjeng med fine folk. Me har eit ope og godt arbeidsmiljø, der me finn støtte i kvarandre. Det set eg stor pris på!

✨ Kva likar du å gjere på fritida?
Eg er gift med Trude, har to barn og ein liten hund. Mykje av fritida går til familieliv, og til turar i skog og mark med hunden vår. Eg er veldig glad i musikk og driv med song. Eg set òg pris på ein god film eller serie.

Infoheftet vårt gir ei oversikt over dei viktigaste vala, praktiske steg og moglegheiter.Heftet er meint som ei hjelpand...
02/12/2025

Infoheftet vårt gir ei oversikt over dei viktigaste vala, praktiske steg og moglegheiter.
Heftet er meint som ei hjelpande hand – oversiktleg, roleg og lett å finne fram i.

https://verdiggravferd.no/info/

Adresse

Sæ 18
Stord Island
5417

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Verdig Gravferd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Verdig Gravferd:

Snarveier

Del