09/11/2025
15 år med Sund apotek
Denne hausten er det 15 år sidan Sund apotek opna dørene i lokala på Sund senter. Apokjeden og andre apotekkjeder meinte det ikkje ville løne seg å opne apotek her. Men vi i den lokale apotekkjeda Apovest var meir optimistiske og tenkte at det måtte vere mogleg om alle trekte i same retning.
Og trekte i same retning var det mange som gjorde. Å få sitt eige apotek vart ei viktig sak for kommuneleiinga. Ordførar Albrigt Sangholt rakk ikkje å sjå apoteket opne, men saman med mellom anna Ove Trellevik og Nina Glesnes gav han kommunen si sterke støtte til etableringa. Tiltakssjef Karstein Bjørge heldt ei stødig hand om det administrative arbeidet, og ikkje minst var eldregeneral Sverre Bungum ein aktiv støttespelar. Den 24. september 2010 opna Sund apotek.
No har det altså gått over 15 år og fleire hundre tusen kundemøte sidan den dagen. På pauserommet har det støtt og stadig stått blomsterbukettar, konfekt eller andre små helsingar frå kundar som har fått god hjelp på apoteket.
Så kom den mørke haustdagen for fem år sidan, og huseigarane på Sund senter viste plutseleg eit heilt anna ansikt. Ei forsiktig interesse for eit mogleg nytt kjøpesenter vart brukt som grunn til å kaste oss på dør. Huseigar hadde teke opp igjen kontakten med Apokjeden – eller kanskje han aldri heilt hadde slept han.
Uansett var ein ny kontrakt om etablering av Apotek1 på Sund senter allereie signert. Vi hugsar framleis Klepsvik si kjølege analyse i Vestnytt:
«Det er berre plass til eitt apotek på Skogsvåg, men det er sikkert mogleg å finne nye jobbar i eit anna apotek ein stad.»
No, fem år seinare, har Sund apotek funne seg godt til rette i dei flotte lokala i Helsehuset på Skogsvåg, og her skal vi drive i mange år framover. Dei gode folka i Sund har slått ring rundt apoteket! Framleis går ikkje ein dag utan at kundar seier kva dei meiner om måten me vart behandla på. Folk hugsar òg kven som sytte for at Sund fekk apotek den gongen ingen andre våga å satse.
Nokre folk handlar stort sett der det høver best, medan andre freistar å gjere handelen til eit etisk val. Korleis du vel mellom ei lokal verksemd og ei internasjonal kjede betyr mykje. Det gjeld anten du lojalt støttar ei lita blomsterforretning, eit lokalt bakeri – eller eit sjølvstendig apotek:
- Det er valet mellom ekte relasjonar og ekte menneske – eller elektroniske kundesystem styrte av algoritmar.
- Valet mellom apotek som er ei aktiv del av samfunnet og den lokale helsetenesta – eller stordriftsfordelane til ei landsdekkande kjede.
- Valet mellom lokale arbeidsplassar – eller å sikre dei øvste myntane i Apokjeden og Phoenix-konsernet si pengebinge.
Tusen takk for at du støttar Sund apotek – og for at du er med oss vidare dei neste 15 åra! Del gjerne dette innlegget om du vil hjelpe oss!