Hopprao - Gruppetrening i Vik

Hopprao - Gruppetrening i Vik Gruppetrening i Vik 👊🏼🤸🏼🏋🏼🧘🏽🚴🏼💥👯‍♂️

Årets julehelsing frå Hopprao 🎄 2025 nærmar seg slutten, og me har straks haldt på i 3 år! Tida flyr når ein har det kje...
21/12/2025

Årets julehelsing frå Hopprao 🎄 2025 nærmar seg slutten, og me har straks haldt på i 3 år! Tida flyr når ein har det kjekt 😍

Når me ser tilbake på åra som har gått er det ein ting som verkeleg skil seg ut; Deltakarane. Folka. Fellesskapet vårt 🥰

I Hopprao brenn me for fysisk aktivitet - ikkje berre for styrke, kondisjon og teknikk, men for alt det gjer oss mentalt. Trening som overskot i kvardagen. Trening som mestring. Trening som eit pusterom 🧘🏼😮‍💨🧡

I år har me fått brukt den faglege kompetansen vår fullt ut - frå spinning, gravidtrening, trygg og tilpassa styrketrening, barseltrening og vegen tilbake til eigen kropp etter fødsel 🫄🏼🚴🏼🏋🏼👶🏼👟

Me har løfta tungt, bokstavleg talt, med nye vektstenger på plass - med endå meir potensial på treningstimane💪🏼

Gruppetimane våre har vore meir enn berre økter. Dei har vore ein møteplass. Eit sosialt rom. Ein stad å komme akkurat som du er uavhengig av utgangspunkt, til å gå att litt sterkare. Både fysisk og mentalt 🫶🏼 Me har sett progresjon, kontunuitet og ekte treningsglede - veke for veke💘

Motivasjonen de viser og innsatsen de legg ned er sjølve drivkrafta for oss. Uten dykk kan me ikkje halde på. Det er dette samhaldet som gjer at me gler oss til kvar einaste time, og til fortsettelsen ❣️

Tusen takk for endå eitt år fyllt med bevegelse, engasjement og meining 🤝🏼👊🏼❤️

God jul og godt nytt år 💫 Sjåast i 2026! 🤩 Helsing Gjertrud og Maria 💕

Adresse

Vik
6893

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hopprao - Gruppetrening i Vik legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Hopprao - Gruppetrening i Vik:

Snarveier

Del