DNA og lokalhistorie på Søre Sunnmøre

DNA og lokalhistorie på Søre Sunnmøre Her vert det presentert ulike resultat og prosjekt som omhandlar vår historie på Søre Sunnmøre.

Ny rekorddeltaking i årets Mitt Afrikanske DNA ved Volda vidaregåande skule, så det vart litt jobb med denne artikkelen....
17/06/2026

Ny rekorddeltaking i årets Mitt Afrikanske DNA ved Volda vidaregåande skule, så det vart litt jobb med denne artikkelen. 😅 No er den altså endeleg klar for publisering!

Heile 39 elevar vart med på prosjektet i år, og det med god hjelp frå ein del private sponsorar, nokre bedrifter (er nemnd i artikkelen), elevar, foreldre og 10 testar frå skulen. 👏 Mykje spennande i år også - både internasjonalt og lokalt! Kos dokker med lesinga, og eg ser allereie fram til neste års prosjekt! :)

Elles; ikkje mange artiklar frå meg for tida, sidan eg er tilbake i full jobb på VGS - men sida til FjordDNA.com er aktiv og eg oppdaterar med nye profilar og resultat innimellom, så ting er oppdatert og oppe og går. 🥰
https://www.fjorddna.com/2026/06/17/mitt-afrikanske-dna-volda-vgs-2026-26/

Ny rekord! I april avslutta vi årets store DNA-prosjekt på Volda vidaregåande skule for VG3-kullet 25/26. Heile 39 elevar tok DNA-test i år og det var omlag 80 elevar som meldte seg interesserte til testing – eg skulle sjølvsagt ynskt å teste dei alle! Mitt Afrikanske DNA er eit unikt prosje...

Her kan du lese artikkelen om ALLE resultata i den rekordstore deltakinga i Mitt Afrikanske DNA!Den store deltakinga er ...
24/05/2025

Her kan du lese artikkelen om ALLE resultata i den rekordstore deltakinga i Mitt Afrikanske DNA!

Den store deltakinga er både takka vere at to skular var med, Volda vidaregåande skule og Valdres vidaregåande skule, samt mange sponsorar - både bedrifter og private. Tusen takk til alle desse for både å ha gjeve elevane ei oppleving og forståing av å vere ein del av vår felles historie, men også for å tilføre ny informasjon til både den lokale, nasjonale og internasjonale historia. Det ER verdifullt.

Vi håpar sjølvsagt på at fleire skular vil vere med på dette, men med dårleg fylkeskommunal økonomi rundt om i landet er skulane avhengige av sponsorar. Vil du eller di bedrift vere sponsor for ein skule er eg særs takksam for det!

Fyrst vil eg rette ein takk til Valdresmusea som gjekk inn med ein betydeleg del for å realisere prosjektet Mitt Afrikanske DNA i Valdres for fyrste gong!

Stor spreiing i resultat – og nokre overraskingar! Skuleåret er snart omme og i 2024-25 deltok elevar frå Volda vidaregåande skule og Valdres vidaregåande skule i det genetiske prosjektet Mitt Afrikanske DNA. Gjennom analysar av mitokondrie-DNA (mtDNA) og Y-DNA har elevane fått innsikt i sine...

07/05/2025

!! SALG PÅ TESTAR !!

Dette skjer ikkje så ofte! Eg må få ut ein del av varelageret mitt og tilbyr dermed desse testane for rabatterte prisar ut mai så lenge lageret held. Porto i Noreg er inkludert, og mot eit tillegg på 50,- kan eg skrive ut og legge ved tolldeklarasjonslapp/porto til USA. Du treng ikkje å ha aner i området for å kjøpe testar.

Kort forklart om kva testane er:
Y-DNA (berre menn): Alle gutar har arva Y-DNA frå faren sin, som igjen fekk det frå sin far – og slik held det fram. Med ein test av Y-DNA, spesielt den mest detaljerte typen (Big Y), kan vi følgje farslinja di heilt tilbake til Afrika for over 200.000 år sidan – med stopp ved arkeologiske funn, historiske personar og slektsgreiner som har delt seg undervegs. Det finst òg ein rimelegare test (Y37) som gir eit overblikk og som kan vere ein fin start. Big Y gjev likevel mest for pengane. Er du kvinne og vil teste farslinja di må du altså teste ein far, ein bror (med samme far som deg), ein farbror, e.l.

mtDNA (begge kjønn): Både søner og døtre arvar mitokondrie-DNA frå mora si, men berre døtrene fører dette vidare til barna sine. På den måten vil denne spore den reine morslinja bakover til til vår elles felles stammor i Afrika for over 150.000 år sidan, og sjå kvar reisa har gått frå då til no. Denne koblar seg også opp mot arkeologiske funn og historiske personar ein veit DNA-resultata frå.

Family Finder (begge kjønn): Denne gjev eit estimat av din etnisitet som du har arva frå begge foreldra dine. Dette er eit estimat og gjev ikkje eit fullgodt bilete av kva miks du er, men gjev ein god indikasjon. I tillegg får du opp alle slektningar som har testa seg i Family Tree DNA, og kor nært genetisk desse er til deg.

Bestilling skjer via VIPPS til meg på 99017158. Om du vil betale på anna vis eller lurer på noko anna, kan du sende meg ei melding på telefon eller her på Facebook. :)

Prisar:
Farslinje (Y-DNA):�Big Y: 4500,- (vanlegvis 4900,-)
Y37: 1100,- (vanlegvis 1400,-)

Morslinje (mtDNA): 1500,- (vanlegvis 1800,-)

Generell test (Family Finder): 700,- (vanlegvis 900,-)

Kombinasjonar for menn:
Y37 + Family Finder: 1700,- (vanlegvis 2300,-)
Y37 + mtDNA + Family Finder: 3000,- (vanlegvis 4100,-)
Big Y + Family Finder: 5000,- (vanlegvis 5800,-)
Big Y + mtDNA: 5600,- (vanlegvis 6700,-)
Big Y + mtDNA + Family Finder: 6300,- (vanlegvis 7600,-)

Kombinasjonar for alle:
mtDNA + Family Finder: 2000,- (vanlegvis 2700,-)

Skriftleg tolking:
500,- for ein test

Denne helga har eg og Anders hatt arbeidshelg og blant anna implementert det nye og revolusjonerande Discover-verktøyet ...
16/03/2025

Denne helga har eg og Anders hatt arbeidshelg og blant anna implementert det nye og revolusjonerande Discover-verktøyet til Family Tree DNA – no også for alle mt-linjer (morslinjene)! Tidlegare var denne funksjonen berre tilgjengeleg for dei som har teke Big Y-testen, og dermed berre for menn. No får alle som har teke ein full morslinjetest også tilgang til dette spanande verktøyet!

FamilyTreeDNA sitt Discover™-verktøy inkluderer funksjonen Time Tree, som gir ei tidslinje for både Y-DNA- og mt-haplogruppene dine. Time Tree viser når ulike haplogrupper oppstod og korleis dei er knytte saman, slik at du får ei betre forståing av både fars- og morslinjene dine gjennom tidene.

Du finn dette verktøyet ved å gå inn på «Eldste aner» i menyen, finne ein kvinneleg eldste ane som er testa, og trykke på profilen hennar. I den mørkeblå firkanten vil du sjå logoen til Family Tree DNA – trykk på denne, og du kjem rett inn på tidstreet for denne kvinna. https://www.fjorddna.com/linjer/

Gå inn og prøv! Alle testa kvinner har si eiga unike historie – kanskje oppdagar du noko nytt? Har du ikkje testa morslinja di enno? Då kan du gjerne bestille ein test hos oss i FjordDNA!

Ny artikkel som omhandlar det aller heilagste for FjordDNA, hovuddokumentet mitt og kva ein eldste ane er. Håpar dette k...
15/12/2024

Ny artikkel som omhandlar det aller heilagste for FjordDNA, hovuddokumentet mitt og kva ein eldste ane er. Håpar dette kan vere forklarande og inspirerande - for det er framleis særs mykje informasjon som ligg og ventar på å verte oppdaga. Dette kan faktisk DU gjere noko med! :)

Kva er ein eldste ane? Korleis finn du desse? Dette er spørsmål eg av og til får. I denne artikkelen vil eg vise grunnlaget til prosjektet – sjølve hovuddokumentet eg jobbar utfrå. Det er ikkje ofte eg vert inspirert av eit rekneark, men dette reknearket får meg til å ville jobbe vidare. De...

02/12/2024

🎄 **Ei julegåve som varar livet ut** 🎄

Er du på jakt etter ei spennande julegåve? 🌟 Utforsk familiehistoria, avdekk nye slektsband, og følg forfedrenes spor gjennom tid og rom. 🧬

Hos **FjordDNA** kan du velje mellom:
👉 **Y-DNA-testar**: For farslinja (berre for menn)
👉 **mtDNA-testar**: For morslinja (for begge kjønn)
👉 **Family Finder**: For slektskap på tvers av linjene (for begge kjønn)

Vi tilbyr også personleg tolking av testresultata når dei kjem, slik at du får mest mogleg ut av opplysningane. Dette er ikkje berre ei gåve – det er starten på ei reise som kan glede heile familien!
I tillegg støttar du eit lokalt foretak på søre Sunnmøre. ❤

Les meir og bestill her: www.fjorddna.com/testar-og-tolking

Eg sender frå Noreg, så det er kort leveringstid. Porto er inkludert. 💌

Ny rekorddeltaking i Mitt Afrikanske DNA 24/25 ved Volda vidaregåande skule! Tusen takk til private og firmasponsorar so...
15/11/2024

Ny rekorddeltaking i Mitt Afrikanske DNA 24/25 ved Volda vidaregåande skule! Tusen takk til private og firmasponsorar som har gjeve mange fleire elevar sjansen til å få vere med! ❤👏 I tillegg til ei rekke private sponsorar er Vartdal Plast, Norsk Slektshistorisk Forening og sjølvsagt FjordDNA dei som har sponsa oss i år. Du kan sjå kva aner dei har sponsa i artikkelen. Igjen - tusen takk!

I artikkelen får du også sjå kva slags eldste aner som vart plukka dette året, samt ei lita vurderinga av nokre av desse. Det endte opp med heile 29 elevar (i tillegg kjem to lærarar) - eg har ting å gjere på utover våren! 😅

PS: nokre har opplevd at delar av nettsida lastar litt saktare etter ei oppdatering av programvaren i går - vi reknar med at dette går seg til ganske snart.

Denne veka var det duka for den store testdagen av Volda VGS sitt prosjekt Mitt Afrikanske DNA 24/25. Det er alle elevane på VG3 på skulen som får tilbod om å melde seg på for å bli plukka ut til DNA-testing. Forrige veke hadde vi også kickoff på Valdres VGS sitt Mitt Afrikanske DNA, som [.....

Adresse

Volda

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når DNA og lokalhistorie på Søre Sunnmøre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til DNA og lokalhistorie på Søre Sunnmøre:

Snarveier

Del