03/07/2026
Veldig mange (nesten alle😱) eg møter i mitt arbeid som terapeut har på den eine eller andre måten gløymt å ta vare på seg sjølv.
Vi er flinke og oppofrande mødre, fedre, ektefeller, arbeidstakarar, idrettsforeldre, studentar, venner, kjærester.. Og ein stad på vegen gløymer vi at om vi skal kunne stille opp for andre, så må vi fylle på vår eigen kopp med energi først. ✨
Når vi er i eit mønster av å sette oss sjølv sist på omsorgslista, så kan det gi seg utallige utslag. Søvnløshet, tankesurr, mangel på energi, kroppsverk, nedstemthet, overspising, tiltaksløyse. Lista er lang.
Min challenge til deg når vi går inn i sommaren:
Klarer du å skape deg nokre små rom kvar dag som er berre dine? 🤩💃
Ein dag rekk du kanskje eit kvarter på bare bein i graset😊☀️ Ein annan dag vart det berre fem minutt aleine for å puste litt med magen, men det er også fint 🥰.
Alt bidrar til å fylle på🙌❤️Det viktigaste er at du gir deg sjølv lov å ha fokus på DEG og ditt velvære.
La det bli ein vane. Det vil endre noko i deg. Eg lovar! 🙌🔥✨
Kva små frirom likar du å skape for deg sjølv, og kva gjer det for deg? Kommenter gjerne, og bidra til å inspirere fleire til å gjere det samme 🤩🙌❤️