Lindseth Kiropraktikk

Ring Nettsted Kontakt praksisen

Lindseth Kiropraktikk Kiropraktor som tilbyr pasientsentrert behandling og øvelser. Tilgjenglig på Voss og Dale.

🍂 Me har vore på to fine og lærerike dagar på Norsk Kiropraktorforenings sin Haustkongress!Kiropraktor Pål og eg har bru...
30/10/2026

🍂 Me har vore på to fine og lærerike dagar på Norsk Kiropraktorforenings sin Haustkongress!

Kiropraktor Pål og eg har brukt dei siste to dagane på fagleg påfyll, ny kunnskap og gode møte med kollegaer. Alltid kjekt å treffe att kjende fjes og slå av ein prat med gode kollegaer! 😌🍁

Me har fått oppdateringar frå forsking på barn og ungdom med ryggplager, overgangsalder og muskel- og skjelettplager, rehabilitering og nye perspektiv på behandling. I tillegg har det vore teknikkurs og spennande tema innan kommunikasjon, med fokus på PRT, CBT og ICIT.

Mange gode innspel og mykje nyttig å ta med seg tilbake til klinikken! Det er kjekt å få fagleg påfyll, bli utfordra og sjå ting frå nye perspektiv.

No tek me med oss ny inspirasjon og kunnskap vidare i kvardagen!

🍂 Fagleg påfyll på haustkonferanse! 🍂Denne veka reiser kiropraktor Pål og eg på haustkonferanse med Norsk Kiropraktorfor...
26/10/2026

🍂 Fagleg påfyll på haustkonferanse! 🍂

Denne veka reiser kiropraktor Pål og eg på haustkonferanse med Norsk Kiropraktorforening for fagleg påfyll, ny kunnskap og inspirasjon 🤓📚

Det betyr at det ikkje er ledige timar torsdag og fredag denne veka.

Treng du ein time, er du velkomen til å bestille på nettsida vår:

🔗 www.lindsethkiropraktikk.no

Me gler oss til å fylle på med ny kunnskap som me kan ta med oss tilbake til klinikken! 💚

🍂 God helg frå Lindseth Kiropraktikk! 🍁Hausten er her med frisk luft, vakre fargar og litt kjøligare dagar. Me ønskjer a...
16/10/2026

🍂 God helg frå Lindseth Kiropraktikk! 🍁

Hausten er her med frisk luft, vakre fargar og litt kjøligare dagar. Me ønskjer alle ei fin hausthelg! 🧡

Neste veke reiser kiropraktor Pål på ferie til vakre Naxos 🇬🇷☀️

Hilde er på plass og tek imot pasientar:

🍂 Måndag og onsdag: Dale
🍂 Tysdag og torsdag: Voss

Treng du ein time? Bestilling kan enkelt gjerast på nettsida vår:

🌐 www.lindsethkiropraktikk.no

🍁 God hausthelg frå oss 🧡

🕯️✨ Velkomen til mjuk og roleg juleyoga ✨🕯️Treng du ei lita pause frå alt som skal rekkast før jul?Gjennom mjuke, flytan...
10/10/2026

🕯️✨ Velkomen til mjuk og roleg juleyoga ✨🕯️

Treng du ei lita pause frå alt som skal rekkast før jul?

Gjennom mjuke, flytande rørsler får du senke skuldrene, finne ro og vere til stades i kroppen. Vi avsluttar med god tid til å lande på matta, puste og berre vere. 🤍

Ei stund berre for deg – midt i ei elles travel førjulstid.

🌿 Kva kan du vente deg?
• Rolige yogarørsler med mjuk flyt
• Pust og nærvær
• God tid til avspenning på matta

Timane passar for alle – både nybyrjarar og erfarne. Du treng ikkje ha gjort yoga før.

🧘‍♀️ Med yogainstruktør og kiropraktor Hilde Hamre

📅 Torsdag 3., 10. og 17. desember
🕗 Kl. 20.00–21.15
📍 Fredheim – Lindseth sine lokale
🤍 Pris: 990 kr for alle tre gongane

✨ Maks 10 plassar
Kurset blir gjennomført ved minimum 8 deltakarar.

📩 Påmelding til Hilde på 959 35 817

Gje deg sjølv ei gåve i førjulstida – litt meir ro, mjukheit og nærvær. 🕯️

🍂 Haustferie hjå Lindseth kiropraktikk 🍂Haustferien er her, og litt ferie blir det også på oss 🤎👩‍⚕️ Hilde jobbar som va...
05/10/2026

🍂 Haustferie hjå Lindseth kiropraktikk 🍂

Haustferien er her, og litt ferie blir det også på oss 🤎

👩‍⚕️ Hilde jobbar som vanleg denne veka, både på Dale og på Voss.

👨‍⚕️ Pål tek ferie torsdag og fredag, og me tek begge fri fredag.

Treng du ein time? Du kan enkelt bestille time på nett:

🌿 www.lindsethkiropraktikk.no

Ønskjer alle ein fin haustferie – og ei god haustveke til dykk som er på jobb 🍁

30/09/2026

No er den nye klinikken vår på bakkeplan i Skulegata 1B endeleg klar! ✨

Og me har så lyst til å seie tusen takk til alle som har hjelpt oss på vegen ❤️
Takk til Silje, dei sterke mennene som har flytta benkar, foreldre, kjærast og gode venner som har stilt opp med både store og små ting.

Me hadde ikkje fått det til utan dykk! 🥰

No gler me oss til å ta imot både gamle og nye pasientar i dei nye lokala våre. 🌿

Velkomen innom! 💚

🌿 Nye lokale på Dale– Lindseth kiropraktikkMe har flytta! 🤎No finn du oss på bakkeplan i Skulegata 1 B, Dalekvam – letta...
28/09/2026

🌿 Nye lokale på Dale– Lindseth kiropraktikk

Me har flytta! 🤎

No finn du oss på bakkeplan i Skulegata 1 B, Dalekvam – lettare tilgjengeleg og med nye, fine lokale.

Her har me fått meir plass og eit roleg og behageleg miljø, samtidig som me har beholdt det viktigaste: fagleg tryggleik og behandling tilpassa deg.

Du finn oss rett ved inngangen – sjå etter Lindseth kiropraktikk-skiltet 🤎

📍 Skulegata 1 B, 5722 Dalekvam
🚪 Bakkeplan – enkel tilgang
🌿 Velkomen inn!

Me gler oss til å ta imot både nye og gamle pasientar i dei nye lokala våre.

Velkommen skal du vera 🍁

Kiropraktor Hilde & Pål

🎉 NYE LOKALAR PÅ DALE! 🎉Me flyttar – og me gler oss skikkeleg! 🥳Me er veldig glade for å kunne fortelje at Lindseth Kiro...
10/09/2026

🎉 NYE LOKALAR PÅ DALE! 🎉

Me flyttar – og me gler oss skikkeleg! 🥳

Me er veldig glade for å kunne fortelje at Lindseth Kiropraktikk med kiropraktor Pål og Hilde får nye lokale på Dale! 💙 me flyttar rett og slett ned på bakkeplan👍🏻

Nye lokale gir oss moglegheit til å skape ein endå betre stad for deg som treng hjelp med smerter, plager eller utfordringar i muskel- og skjelettsystemet.

Som kiropraktorar undersøker me, diagnostiserer og behandlar me plager i musklar, ledd og nervesystem – og me møter menneske i alle aldrar. Behandlinga blir alltid tilpassa deg, plagene dine og det du treng.

Hos oss får du først ei grundig undersøking, der me ser på mellom anna rørsle, funksjon og muskulatur. Ved behov kan me også henvise vidare til MR, røntgen eller anna relevant utgreiing.

Målet er enkelt:
Å redusere plager, betre funksjonen og hjelpe deg til å fungere best mogleg i kvardagen. 🤍

📍 Stad: Gamle jernia butikken
Når: 1.oktober (om alt går etter planen🥳)

Me gler oss til å ønskje både gamle og nye pasientar velkomne i dei nye lokala våre på Dale! ✨

Følg med – dette blir bra! 🥰

Har du behandlingsforsikring gjennom jobben? 💙Me samarbeider med fleire forsikringsselskap som tilbyr behandlingsforsikr...
08/09/2026

Har du behandlingsforsikring gjennom jobben? 💙

Me samarbeider med fleire forsikringsselskap som tilbyr behandlingsforsikring.

Det betyr at du kan få rask tilgang til behandling dersom du får smerter eller plager som påverkar jobb eller kvardag.

Ikkje vent til plagene har blitt store.
Ved å kontakte helsepersonell tidleg kan du få ei vurdering, kome raskare i gang med tiltak og i mange tilfelle unngå at plagene utviklar seg og fører til lengre fråvær frå jobb.

👉 Har du behandlingsforsikring? Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt og sjekk kva behandling du har dekka.

Me hjelper deg gjerne vidare og samarbeider med forsikringsselskapet gjennom behandlingsforløpet.

Tidleg hjelp kan vere god førebygging – både for deg og arbeidsplassen. 🌿

Velkommen skal du vere til oss😌

Ein heilt vanleg tysdag i september 🍂September er godt i gang, kvardagen er tilbake – og på klinikken er det full aktivi...
01/09/2026

Ein heilt vanleg tysdag i september 🍂

September er godt i gang, kvardagen er tilbake – og på klinikken er det full aktivitet.

Hos oss møter vi menneske i alle aldrar og livssituasjonar:

👶 Babyar og små barn
🤰 Gravide
🏃‍♀️ Aktive og mosjonistar
💻 Personar med stillesitjande arbeid
🧓 Eldre med plager eller redusert funksjon
👷 Personar med fysisk krevjande arbeid
🛋️ Dei som har hatt vondt lenge
🚶 Dei som plutseleg har fått smerter

Me undersøker og diagnostiserer muskel- og skjelettplager, og behandlar alltid tilpassa den enkelte. Ved behov kan vi henvise til MR eller røntgen, og sjukmelde når det er nødvendig.

Målet er å finne ut kvifor du har vondt, kva som kan hjelpe, og korleis du kan fungere betre i kvardagen.

Sånn ser ein heilt vanleg tysdag ut hos oss 🤎

Kva har september så langt bydd på for deg?

Adresse

Voss

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Lindseth Kiropraktikk legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Lindseth Kiropraktikk:

Snarveier

Del