18/05/2026
Nok ei gong er me klare for Open dag på Tvildemoen. Magasinet og alle dei gode naboane våre stiller opp og lagar aktivitetar for store og små. Ta med deg familien og stikk innom laurdag 30. mai. Det blir planteloppemarknad, padling, mat, utstillingar, aktivitetar og mykje anna.