Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar.

Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar. Her får du info og personleg hjelp til alt innan God og vital helse, som kosthald, trening og velv? Matplan, mosjon og gode råd til kroppen din og di helsa.

Som Kosthaldrettleiar kan eg skreddarsy eit personleg program til deg som hjelper deg til bedre helsa. Eg har også ein eigen nettbutikk med Aloe Vera- baserte produkt. Her får du tips om produkt og deira bruksområder. Forever har virksomhet i over 150 land i alle verdens deler og er verdens største dyrkar, produsent og distributør av Aloe vera. Alle produkta er basert på økologisk dyrka Aloe vera

frå egne plantasjar. Fordi Forever sjølv eig hele produksjonsprosessen frå plante til ferdig produkt kan dei kontrollere og garantere at kvaliteten er den beste. "I lange tider og i mange kulturar har Aloe vera vært til nytte og glede for menneskjer. Sant nok har mykje av kunnskapen om nytteplanter etter kvart gått i glømmeboka, men den begynner nå å vekkes til live igjen takket være den veksande interesse for naturlige vegar til større velvære. En kombinasjon av Aloe vera, sunn mat og mosjon kan være ein måte å oppnå litt betre balanse og meir harmoni i dagliglivet. Det høyres kanskje overdrive ut, men det er faktisk sant. Når du arbeider med Forever, utviklar du deg ved å møte nye, spennende utfordringar og karriere muligheiter. Dessutan får du et rikare sosialt liv når du får være med på eksklusive evenement og reiser saman med venner, kundar og andre forhandlarar. Det dreier seg ganske enkelt om en annen måte å leve på. Vi ville aldri komme dit vi er i dag, viss det ikkje var for alle engasjerte, entusiastiske og flinke forhandlarar som kvar dag lever Forever. Våg å ta skrittet. Det kan forandre livet ditt."

"Resturant Smør", lettare enn du trur...Smelt ekta smør, type meieri smør el Røros ekta smør, i ei panna og la det småko...
04/01/2026

"Resturant Smør", lettare enn du trur...

Smelt ekta smør, type meieri smør el Røros ekta smør, i ei panna og la det småkoka til det er nøttebrunt.
Set kaldt og la det stivna.
Pisk opp smøret til det vert naturkvit farge og luftig.
Perfekt på nysteikt brød 😋👌
Oppbevar i kjøleskap.

Lurt å bruka restar av "typisk- formykje smelta smør" til fiskemiddagen...
👉 Kan ha finhakka kvitløk i det smelta smøret og surra litt på slutten, før du avkjølar 👌
👉 Kan tilsetja litt salt når du smeltar smøret
👉 Kan tilsetja litt finhakka persille når du er nesten ferdig piska, og pisk litt til....
Evt anna krydder og urter.

Kva er din favoritt?

Ynskjer alle eit GODT NYTTÅR 🎉 Må 2026 gje deg mykje tid til eigenpleie, vennepleie, turar, frisk luft, latter og dans 🎉...
31/12/2025

Ynskjer alle eit GODT NYTTÅR 🎉
Må 2026 gje deg mykje tid til eigenpleie, vennepleie, turar, frisk luft, latter og dans 🎉

Hugs at når skyggen er lengre enn deg sjølv, då er det på tide med D vitamin...og treng du litt ekstra energi, så sleng innpå alle B-vitaminane og magnesium...ei god Omega 3 olje er også smart, året rundt 👌

Ta vare på deg og dine, ring ein venn og tenn eit stjerneskudd i kveld 🥰✨🌟✨

GOD JOL ALLE 🥰 Har vore lita tid for denna kanalen i det sista, men ein liten joladessert for å ynskja alle ei god jol, ...
25/12/2025

GOD JOL ALLE 🥰
Har vore lita tid for denna kanalen i det sista, men ein liten joladessert for å ynskja alle ei god jol, er på sin plass.
Å bølla med ei oppskrift som er perfekt, det er skikkeleg skummelt 🫣 Men det freista å miksa litt av oppskrifta til Røros Meirier inn i mi eiga Creme brulé oppskrift. Om den var bedre, litt usikker, men godt vart det...og her kjem den:

CRÉME BRULÉE:

100g Heil mjølk
100g Kremfløyte
50g Røros rømme (ikkje lett rømme, full fett 👌 i min oppskrifta er denna delen Kremfløyte, dvs ingen rømme, men til saman 150g fløyte)
75g sukker
1/2 Vaniljestang
4 eggeplommer

Set steikeovnen på 130gr.
Kok opp mjølk, fløyte, rømme vaniljestang og 25g sukker og kjøl ned. Ta ut vaniljestanga og skrap ut frøa, som du piskar inn i mjølkeblandingen igjen.
( I min oppskrift er det berre å koka opp alt utanom eggeplommer, som ei tilset i avkjølt mjølkeblanding før ein har den i form, dvs ingen eggedosis-pisking. )
Pisk eggeplommer og resten av sukkeret (50g) til eggedosis.
Pisk inn mjølkeblandingen i ein tynn stråle i eggedosisen.
Set små eller låge ildfaste former, ca 6-7 stk i langpanna.
Fordel like mengder av blandingen i kvar form.
Ha vatn i langpanna til det er like mykje vatn på utsida av formene som dei er fulle.
Steik i vannbad midt i ovnen i 30-60min...litt etter kor store og djupe former du har. Brulèen skal vera fast, (evt "litt disseste", men då kan den stå i langpanna med vatn til du skal servera dei. )
Strø brunt sukker på toppen og set dei under grillelementa i 2-4 min...følg med! Her skjer det kjapt 💪😉
Brenn evt det brune sukkeret med liten gassbrenner eller flamber dei i sprit og flammar, for å få eit hardt topplokk med glasert sukker.
Server lun med hard sukkertopp 👌😋👌

Perfekt som dessert etter lutafisk, spør du oss 😉👌

🍁Suppetid🍁Skogssuppe:1 gul løk, i terninger2 fedd kvitløk, grovhakka1 selleri- Stang, terninger.1 persillerot i terninge...
30/09/2025

🍁Suppetid🍁

Skogssuppe:
1 gul løk, i terninger
2 fedd kvitløk, grovhakka
1 selleri- Stang, terninger.
1 persillerot i terninger.
5 store jordskokk og ein neve med små, i terninger.
10 store sjaminjon
5dl kraft
3dl Gryr matfløyel/ kremfløyte
1dl Røros rømme (ikkje lett, den skil seg)
1dl eplejuice( kvitvin
1ss sitronsaft
Kvit pepper, salt, muskat etter smak.

Ta stilken av sjaminjonen, og del opp soppen i passe bitar, steik den i panna med litt olivenolje og salt til den slepper vatnet, og det fordampar.
Steik vidare med meierismør og pepper til den er gylden. Det til side på lav varme medan du lagar suppa:
Surr løk i ein kasserolle med olivenolje med litt meierismør oppi, til den er blank.
Ha kvitlkøk oppi og surr 1 min til.
Del stilken av soppen i 4 og ha oppi til løken ilag med persillerot, selleri og jordskokk, surr 1-2 min og ha oppi fløyte og kraft.
Kok 15 min. Stavmiks og sil av suppa.
Ha suppa oppi gryta igjen og rør inn rømme, eplejuice og smak til med sitronsaft, salt, pepper og krydder.

Sever med steikt sopp, og evt litt stekt bacon ☺️

(For meir smak kan du ha kvitvin/eplejuice i grønsakene og koka ned all veska før du tek oppi kraft og fløyte...tek litt lengre tid, men vert veldig god smak)

Hausten er fin når ein kan sjekka om vårens aktivitet har vore nyttig.Kortreist og økologiske gullerøtter frå hagen smak...
10/09/2025

Hausten er fin når ein kan sjekka om vårens aktivitet har vore nyttig.
Kortreist og økologiske gullerøtter frå hagen smakar fantastisk.
Aller best rå, men rullar du dei litt i ei god olivenolja og dryssar over litt maldonsalt, då smakar dei ekstra nyyyydeleg!

A- vitamin i gullerot treng fett for å verta nyttegjort i kroppen, så steik dei i olja eller smør, eller lag ein dipp av majones, ekta Røros el støls-rømme og litt krydder/ urter 👌

Hausten er fin til gryte- og suppe tid. Kanskje du har ein liten avling med grønsaker og urter, som sjølvsagt vert mogne...
28/08/2025

Hausten er fin til gryte- og suppe tid.
Kanskje du har ein liten avling med grønsaker og urter, som sjølvsagt vert mogne på samme tid...då kan du fint laga opp mykje gode rettar og ha i frysen 😋👌

Heimalaga Tomatsuppe er tusen gongar bedre og næringsrik enn pulversuppe...og såååå enkelt at alle kan klara da.
Får du restar? Då smeller du oppi litt spisskummen og koriander, så tek du restane av tacokjøttdeigen, og vipps så har du tacosuppe som du servera med reven ost, mais, rømme, salsa og litt tacochips 😉 👍

Tomatsuppe inspirert av Gladkokken lagar du slik:
12 tomatar
2 stangselleri
2 gullerot
1 gul løk
4 redd kvitløk
1 chili
1 spisspaprika
1 ss tomatpurre
1 ss balsamico eddik
1 ts sukker
2 ts oregano
2 ts basilikum , brukar du fersk, så bruk litt meir.
1 ss rømme (el litt kokosmelk med ein skvis sitron.)
1 liter kraft, grønsaksbulljong funkar og.
Olivenolje til steiking
Salt og pepper.

Set steikeovnen på 240gr.
Del tomatane i to og legg dei i ildfast form med litt olivenolje oppå. Bak dei midt i ovnen i 20min.
Del opp alle grønnsaker og surr dei i ei gryta med litt olivenolje. Eg likar å surra løken litt fyrst, ca 3 min, før eg tek oppi dei andre grønnsakene.
Surr i ca 5 min under omrøring på middels varme.
Ta i tomatpurre, sukker og krydder, surr ca 1 min.
Så tek du oppi balsamico eddik og rører rundt.
Tilset kraft og kok i 15 min.

Ha tomatar og olja frå forma oppi gryta, litt rømme eller kokosmelk med safta av 1 sitron (den treng du ikkje om du har rømme) og stavmiks til ein jamn suppe.
Smak til med salt og pepper. Evt litt kajenne pepper om du vil ha den meir spicy 👌

Servera med kokte egg, revet parmasan og rista brød.
Eg hadde latmannsloff (les: veggen spelt frå hatting) som eg delte i to og steikte med smørsida ned i steikepanna med stølssmør frå nabogarden på Bidne, deiras urtesmør 👌

Ellers vil eg anbefala osteskiver som Gladkokken lagar i sin tomatsuppe video 😋 legg ved link i kommentarfeltet.

🍂🍁 God suppehaust 🍁🍂

Nokon gonger når ein prøver å finna opp geniale oppskrifter, går det heilt skeis, og andre gonger berre halvvegs skeis 😅...
25/07/2025

Nokon gonger når ein prøver å finna opp geniale oppskrifter, går det heilt skeis, og andre gonger berre halvvegs skeis 😅🙈😅

I dag var ein slik dag med halvvegs skeis...der resultatet til slutt smaka bra, sjølv om utsjånade ikkje er noko å skryta av 🤣
Men erfaringa seier at det går ann å laga makronar utan egg og mjølk (og gluten, som dei normalt er fri frå) av kikert-lake, melis og mandelmjøl.
Med salt karamellkrem 😋👍

Og protein urte -rundstykker av kikertene, resten av laken, glutenfritt mjøl, frø, urter, salt og olivenolja.

Berre hugs å ikkje ha makronane for tett på brettet, då dei kan få ein interessang form 😅

Oppskrifter kjem kanskje seinare, når eg har fått kvalitets- sjekka dei og målt nøyaktig opp alle ingrediensane.
Åssso mååå eg testa om det går ann å laga snickerskaka av samme prinsipp som makronane 😉 Gjev meg ikkje so lett💪☺️

RABARBRA Testar samme trikset som når eg lagar plommegløgg... eller plommesaft: Etter å ha kokt rabarbraen og silt av, k...
27/06/2025

RABARBRA

Testar samme trikset som når eg lagar plommegløgg... eller plommesaft:

Etter å ha kokt rabarbraen og silt av, kokar eg safta med sukker og vaniljestang til saft/limonade, har i litt sitronsaft og har over på flasker.
Rabarbra avfallet som er silt ifrå, kokar eg opp igjen med eplebitar, vaniljestang, litt av safta eller rå eplejucie og rårørsukker til eplene kunne mosast.
Rører inn 2ts saft frå ein sitron og har over på t***e sterileserte glas.
Avkjøl på benken og set i kjøleskap.

Sylta smakar perfekt på ost som brie, berre på smørskiva eller på bananskiva.
Kan og brukast som dessert til is el med vaniljesaus på.

Rabarbrasafta kan blandast med vatn som vanleg, eller farris/sodastream, eller kanskje litt gin og prosecco til ein god sommardrink🍷

Slik vart det til:
2kg rabarbra i 2cm bitar
2 l vatn
1/2- 1 vaniljestang, skrap ut frø
Kok opp og la koka i 15 min til rabarbraen løyser seg litt opp.
Sil av i klede og ha safta tilbake i kjele.
Tilsett 350-400g sukker og kok opp på ny medan du rører så sukkeret løyser seg opp. Ca.10min.
Tilsett ca 2 ts sitronsaft.
Vil du laga limonade brukar du 450g sukker og kokar til den tjuknar litt.

Ha over på flasker og avkjøl på benk.

Ta avfallet og kok opp med 2dl rå eplejucie/ saft frå 1-2 appelsiner, eller litt av rabarbra safta...
trur eg hadde ca 200g rårørsukker, men her må du ta i litt og litt og smaka deg fram. Kan bruka vanleg sukker og.
1 eple i terningar, helst økologisk med skalet på. Eple inneheldt peptin, som er med å fortjuknar syltetøyet, og når det er så lite veska, treng ein ikkje noko anna tilsett.
Sitronsafta virkar som konserveringsmiddel.
Kok til du kan mosa eple. Ha på glas, avkjøl på benk.

Ingenting går til spille, ingen tilsetningsstoff, kun reine råvarer frå naturen 🌱 Nyyyt 🍷

Kvinneblomst nr 1 🍀 RAUDKØVER 🍀Sank dei no, klyppa av blomen, legg til turk på eit brett med tørkepapir, evt i urteturka...
26/06/2025

Kvinneblomst nr 1 🍀 RAUDKØVER 🍀
Sank dei no, klyppa av blomen, legg til turk på eit brett med tørkepapir, evt i urteturkar. Når dei er turka plukkar du av dei raude kronblada og oppbevara dei i papirpose el på glas, men myrkt. Bruk det som te eller eit dryss over salaten...

Litt frå læraren min Rolv dine urtesider, Urtekilden:

URTENS EGENSKAPER OG VIRKNING
Blodrensende, oppmyknende på hud og kjertler, slimløsende, krampeløsende, nærende, avslappende, betennelseshemmende, urindrivende, febernedsettende og krefthemmende. Rødkløver er dessuten et fytoøstrogen som kan virke hormonbalanserende i overgangsalderen

Meir info om Raudkløver finn du på rolv.no:

https://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/trif_pra.htm

Morro å laga salatar med urter og salat frå eigen hage. Fin måte å få brukt restar frå kjøleskapet.Idag vart det salat m...
25/06/2025

Morro å laga salatar med urter og salat frå eigen hage. Fin måte å få brukt restar frå kjøleskapet.

Idag vart det salat med rukkola og anna salat frå hagen,
Økologisk Spisskål, eple, agurk, paprika og tomat frå butikkhyllene.
Peppermynte, sitrontimian, rosemarin, oregano, sitronmelisse, grassløk, raudkløver og basillikum frå urtespiralen i hagen...det er eit smart triks å ha når ein bur på 500moh ☺️🌞 varme frå steinane hjelper på høgfjells- klima 😉👍
Dressingen vart laga av den dyre, men verkeleg den beste olivenolja eg får tak i på Voss, Helstøm si 👌
Har den oppi eit lite glas med lokk til...
10 g olivenolje
5 g sitronsaft (ca saft frå 1 båt)
5 g dijonsennep
Himalayasalt og kverna pepper
Kan ha 5 g lønnesirup, men når eg har epler el druer i salaten, treng eg ikkje meir sødme.
Set på lokk og rist godt.
Ha over dei finhakka salat-typane og urtene, og vend godt om, før du tek oppi resten som du vil ha. Bland lett til slutt.

Pynt med Dag og Natt, Raudkløver, Løvetann, Ringblomst, Grassløkblomst eller anna etandes blomst.

NB. Litt tekst på bildene.

Nokon gonger er det vanskeleg å få ta i fersk fisk, ivertfall når ein handlar lokalt på Joker'n 😅 Då vert frosen fisk nø...
11/06/2025

Nokon gonger er det vanskeleg å få ta i fersk fisk, ivertfall når ein handlar lokalt på Joker'n 😅
Då vert frosen fisk nødløysinga, og i dag var det Lettsalta Brosme med eplesalat, karrisaus og grønsaker. Karrisaus kan også nyttast til kylling, så då har du restane til neste dag middag ☺️👍

Brosma:
Set ovnen på 180g.
Ta skinnet av fisken, og fjern bein.
Tørk fisken og legg i ildfast form.
Ringla over litt olivenolja, og kvernar pepper.
Bak fisken i ovnen i 15min.

Eplesalat:
1-2ss Creme fraiche
1/2 ts Helios Karri , bland ilag.
1 eple i små terningar
1/2 raud løk i små terningar
Bland alt.

Karrisaus:
3dl fløyte/gryr matfløyel
1boks TINE kremost afrikansk paprika
3 - 5 ss ketchup
1 ss Helios Karri
2 ts Helios Paprika krydder
2 ts Sambal oelek /1 finhakka chili
1 ts Helios sitronpepper/ saft av 1 sitronbåt
Salt, og evt litt pepper.
Ha alt i ei gryta og kok opp under omrøring.

Inflammasjon i kroppen?"Trøytt i hove"Lag vidunderhonning og ta 1ts pr dag. Kan blandast i varm mjølk, te eller nytast r...
02/06/2025

Inflammasjon i kroppen?
"Trøytt i hove"
Lag vidunderhonning og ta 1ts pr dag.
Kan blandast i varm mjølk, te eller nytast rå!

7ss rå honning
1ss økologisk Ingefær
1ss økologisk Gurkemeie
+ Ca5 korn økologisk heil, men knust el nykverna pepper.

Bland godt, og oppbevar i tett glas på kjøkkenbenken så du hugsar å ta ein dose kvar dag ☺️

Adresse

Bidnesvegen 246
Vossestrand
5713

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:30
Tirsdag 09:00 - 16:30
Onsdag 09:00 - 16:30
Torsdag 09:00 - 16:30
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

99510669

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alvhild Bidne- Helse og Kosthaldrettleiar. legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del